NVE har no gitt klarsignal til å tappe vatn frå isbreen over på flasker.
- Skader ikkje nasjonalparken
- Tappinga skader ikkje sjølve breen, seier styreleiar Tore Sandberg i Norwegian Water Company.
Selskapet har no fått klarsignal til å tappa isbrevatn langt inne i nasjonalparken. Men Sandberg lovar altså at verken Folgefonna eller elva skal bli mindre av den grunn. Både testing og finansiering gjenstår før kranane blir opna.
Droppar tankskipa
Dei opprinnelege planane var å tappa vatn over i tankskip. Dei planene er lagt på hylla. I staden vil Sandberg bora seg opp gjennom fjellet frå Åkrafjorden og stikka eit rør rett inn i Sandvikevatn.
Byggjer tapperi ved Åkrafjorden
Kvart sekund skal så 15 liter isbree-vatn renna ned til eit tapperi innerst i Åkrafjorden. Kor mange som vil få arbeid der, vil ikkje Sandberg sei noko om. Først skal systemet testast og finasniserast. Både NVE, fylkesmannen og Etne kommune har godkjend planane.
Er det marknad for meir drikkevatn på flaske?
- Det håper vi jo på, seier Sandberg.