NRK Meny

Vart truleg påkøyrd i fotgjengarfelt

Den 67 år gamle kvinna som døydde av skadane etter at ho blei påkøyrd på Sotra i januar, var truleg i eller ved eit overgangsfelt då ulukka fann stad. Det viser politiet si etterforsking, skriv Vestnytt. Sjåføren i 80-åra har framleis status som sikta i saka. – Det er ingenting som tyder på at farten har vore høgare enn fartsgrensa på staden, som er 30 km/t, seier etterforskingsleiar Sven Erik Midthjell til avisa.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik