For ei og ei halv veke sidan reiste Nina Margrethe Hjelmtveit og veninnene hennar frå Bergen med båt. Turen til England skulle vise seg å bli eit mareritt.
Fekk ikkje puste
Det gjekk ikkje lang tid frå båten gjekk frå kai i Bergen, til den første veninna kjende kvalme og ubehag.
Lufta på lugaren var svært dårleg, og det gjekk ikkje an å justera ho på nokon måte. - Vi kjende det som vi måtte opne døra for å få luft til å puste.
Hjelmtveit fortel at ho etterkvart ikkje klarte å stå på beina. - Det var smerter i kroppen, og det kjendest som om nokon sat på lungene mine, fortel ho.
Også mange andre som var på englandsbåten MS Jupiter fredag for ei og ei halv veke sidan vart sjuke.
Ventilasjonssystemet 30 år
Informasjonssjef i Fjord Line Atle Kvamme vedgår at lufta var svært dårleg på båten på mellom anna denne overfarten, og seier det var feil på ein av aircondition-sentralane som var årsaka.
MS Jupiter er 30 år gamal, og delar av ventilasjonsanlegget har ikkje vore skifta ut sidan båten var ny.
For dyrt å skifte ut
Kvamme seier det er for dyrt å skifta ut ventilasjonsanlegget, og at ein heller jobbar med å få ein ny båt.
Men feilen som gjorde Hjelmtveit og fleire andre passasjerar sjuke, er no reparert.