Hermann (8) og mora blir nekta heimreise

Etter å ha følgt fotball-VM i Brasil skulle åtte år gamle Hermann reise heim til Norge saman med mor si. Men på flyplassen i Rio de Janeiro vart det full stogg.

Hermann og Maria Helena

KJEM SEG IKKJE TIL NORGE: Åtte år gamle Hermann Alves Starheim og mora Maria Helena Alves Perreira blir nekta å passere i passkontrollen på flyplassen i Rio de Janeiro.

Foto: Privat
Jan Jacob Starheim

FAMILIEN FAST: Jan Jacob Starheim jobbar døgnet rundt for å ordne heimreise til familien sin.

Foto: Privat

– Dei skulle fly heim den 29. juli frå flyplassen i Rio de Janeiro. Men lenger enn passkontrollen kom dei ikkje, seier ein svært fortvila Jan Jacob Starheim til NRK.

I snart tre døgn har han jobba natt og dag for å få sin brasilianske sambuar Maria Helena Alves Perreira og deira åtte år gamle son, Hermann, heim igjen til Norge og Sandsli i Bergen. Dei to har vore i Maria Helena sitt heimland Brasil under fotball-VM.

Trøbbel med papira

Det var tysdag at problema byrja for familien. Då sambuaren Maria Helena og sonen Hermann skulle gjennom passkontrollen på flyplassen på veg heim, vart dei stogga av Policia Federal som nekta å la dei passere.

Årsaka var trøbbel med papira, men Starheim meiner alt var i orden.

– Dei har alle dei riktige reisedokumenta. Sonen min har eit heilt nytt norsk pass, medan sambuaren min har brasiliansk pass. Dei har reist både med meg og utan meg mellom Brasil og Norge i rundt ni år utan problem. Men denne gongen vart det vanskelegare, sukkar Starheim.

Dei to måtte reise frå flyplassen, utan å få sett seg på flyet til Norge.

Starheim er svært trøtt og oppgitt når han snakkar med NRK torsdag. Sambuaren hans Maria Helena jobbar i heimesjukepleia i Bergen, og kjem seg som følgje av situasjonen ikkje på arbeid.

– Eg sa til Hermann at vi skulle reise på fisketur når dei kjem heim, men då svara han at han ikkje kan kome heim, fordi militærfolk med våpen hindrar han på flyplassen.

UD: – Må følge regelverket

Eskil Grendahl Sivertsen

Kommunikasjonsrådgjevar Eskil Grendahl Sivertsen ved Utanriksdepartementet.

Foto: Sjøwall

Men det brasilianske regelverket er slik at om eit barn reiser med berre ein av dei føresette, må det ligge føre eit samtykke frå den andre. Dette regelverket er til for hindre kidnapping av barn, noko som tidlegare har vore eit stort problem i Brasil.

Det nye regelverket vart innført 26. mai 2011, og gjeld for brasilianske statsborgarar. Sidan åtte år gamle Hermann har dobbelt statsborgarskap, slo regelverket difor inn.

– Vi er kjend med saka og utanrikstenesta har hjelpt faren med konkrete råd og rettleiing. Vi har forståing for at det vert opplevd som vanskeleg å hamna i ein slik situasjon, men det er ein gang slik at ein må følgje dei lovar og reglar som gjeld for det landet ein oppheld seg i, og Utanriksdepartementet har naturleg nok inga moglegheit til å overprøva desse, seier talsmann Eskil Grendahl Sivertsen i UD.

Kan ta fleire dagar

Etter å ha vore i kontakt med det norske konsulatet i Rio de Janeiro, har Starheim fått fleire dokument han må fylle ut. Det viktigaste er eit skjema der han samtykkjer til at Hermann reiser ut av Brasil med ein føresett.

Skjemaet må sendast til den brasilianske ambassaden i Norge før det vert sendt til Brasil. Der må sambuaren syne fram dokumentet på flyplassen i Rio de Janeiro før ho kan ta med seg Hermann ut av landet.

Det kan difor gå fleire dagar før situasjonen blir avklart og Hermann og Maria Helena kan kom heim til Norge.

Visste ikkje om dei nye reglane

Jan Jacob Starheim fortel at familien reiser til Brasil ein til to gonger i året, også etter at det nye regelverket slo inn i 2011. Han forklarar at han ikkje visste at det eksisterte eit slikt regelverk om at begge foreldre må godkjenna at ein mindreårig reiser ut av landet.

– Vi har aldri trengt eit slikt skjema før, og har reist mange gonger utan problem. Det er vanskeleg å setja seg inn i regelverket, fortel Starheim som håpar på ei snarleg løysing.

– Akkurat no oppheld dei seg hjå søstera til Maria Helena i Rio de Janeiro. Så håpar eg å få dei heim så snart som mogleg, seier Starheim.

Siste video

Planetaten i Bergen kommune har lagt frem sitt forslag til ny trasé for Bybanen til Fyllingsdalen. Se hvordan de ser for seg den ti kilometer lange skinnegangen som vil koste minst 6,2 milliarder kroner.
En meteor eksploderte og brant opp i atmosfæren vest for Bergen i natt. De som var våken fikk seg et spektakulært show på nattehimmelen.
Har vunnet Statoil talentstipend på en million kroner.