Hopp til innhold

Varslar: – Får ikkje gripe inn mot leigemordar i Bergen

(BERGEN/OSLO): Varslaren i Bergenspolitiet hevdar dei har opplysningar om at ein leigemordar tilknytt eit albansk kriminelt nettverk skal holde til i Bergen. – Føringane vi har fått gjeld også desse nettverka, og ingen operative tiltak tillates, skriv varslaren.

Flere titalls bevæpnede politifolk vokter rettssaken mot syv narkotiltalte menn som skal være knyttet til et internasjonalt mafianettverk.

POLITIVAKT VED RETTSSAK: Trusselvurderinga var så alvorleg at politivakter var utstyrt med maskinvåpen under ein rettssak mot sju albanarar i 2013. Det blei omtala som tidenes strengast vakta rettssak i Bergen.

I januar 2013 står ei gruppe polititilsette utanfor Gulating lagmannsrett, væpna med maskinpistol. Dei skal sørge for at rettssaka skal gå trygt føre seg, mot sju albanske menn tiltalt for mafiaverksemd og smugling av store mengder narkotika.

Bergenspolitiet og statsadvokaten meinte mennene var del av eit albansk, kriminelt nettverk med konkrete planar om å etablere seg i Bergen.

Rettssaka vart omtala som byens strengast vakta gjennom tidene. Berre rettsoppgjera etter 22. juli og NOKAS-ranet kunne måle seg på tryggleik.

Politiet ville ikkje seie kva som låg bak sikkerheitsvurderinga. Samtidig meinte svensk politi at nettverket stod bak drapet på 31 år gamle Faton Balaj, fordi han var mistenkt for å tyste om smuglarpartiet som vart stogga (ekstern lenke).

NRK kjenner til at Oslo-politiet meiner albanske kriminelle grupperingar no har etablert seg i Bodø, Stavanger og Bergen.

Ein leigemordar tilknytt dette miljøet skal vere i Bergen. Føringane vi har fått gjeld derimot også desse nettverka, og ingen operative tiltak mot dei er tillate.

varslar, Vest politidistrikt

Føring om å ikkje gripe inn

Politiet i Bergen meinte eit albansk nettverk hadde planar om å slå seg ned i byen, skriv varslaren i Etterretnings- og spaningstenesta (ESA). Han meiner utanlandske kriminelle, inkludert albanske, har fått fripass til å gjere nettopp det.

Varslaren er ein høgt fortrudd polititilsett med lang fartstid innan spaning. I april 2016 sendte han ein omfattande skriv for å varlse om korleis spaningsavdelinga har fått føringar om å ikkje gripe inn når dei får konkrete opplysningar om grov narkotikakriminalitet.

Saka blei først omtala i VG, og har ført til at Spesialeininga no etterforskar politileiinga.

Politidistriktet har framleis etterforska grov narkotikakriminalitet, men varslaren hevder dei kjem frå vanlege politipatruljer sitt arbeid, og ikkje frå etteretningstenesta.

I varselet skriv han at grupperingar frå Balkan har fått fotfeste i byen.

«I de siste årene har vi eksempelvis sett etniske nettverk fra Balkan med mafialignende strukturer og metoder som har fått fotfeste i Bergen. Det første tegn til deres inntreden så vi høsten 2012 da politiet stanset en narkotikatransport i Arnanipatunnelen og pågrep fem albanere.»

Etter arrestasjonen blei to andre menn og sikta i same sak. Dette er dei sju albanarane som blei tiltalt og dømt for narkotikakriminalitet, men frikjent for mafiaverksemd.

Ifølge Kripos sin analyse for 2016, er ikkje slike grupperingar frå Balkan og Albania blant dei som sel narkotika på gata. Dei er oftare leverandør til andre grupper som står for narkotikasalet, og skal stå bak organiseringa av mykje av narkotikainnførselen, til store delar av landet.

Albanske kriminelle i Bergen

Varslaren skriv at spanarane har opplysningar om ein leigemordar, men ikkje får reagere på opplysningane.

«I det siste året har vi fra ulike hold fått bekreftet at de er i ferd med å konsolidere sin virksomhet i Bergen. Tilknyttet dette miljøet skal det også befinne seg en leiemorder. Føringene gjelder imidlertid også disse nettverkene, og ingen operative tiltak tillates.»

Han nevner fleire dømer på konkrete opplysningar om albanske kriminelle, som han meiner politiet ikkje greip inn mot:

  • Forsommaren 2016 skal politiet ha fått opplysningar om eit nært kommande oppgjer mellom albanske kriminelle og ei anna gruppering i byen.
  • Politiet fekk opplysningar om at personar frå fleire kriminelle grupperingar, blant dei albanske, møttest jamleg på ein namngitt stad i byen. Varslaren meinte det var narkosal, og bad skriftleg om at leiinga tok stilling til opplysningane.
  • I varselet har han inkludert ein etteretningsanalyse for 2016, skrive av ein førstebetjent som då jobba i spaningsavdelinga. Der skriv han at albanske grupperingar aukar i raskt omfang i Bergen, og har spesialisert seg på kokain og cannabis i stort omfang. – Vi har tilgang på namn og adresser, skriv betjenten.

NRK har ikkje kunne verifisere døma frå varselet som er framlagt politiet i Bergen.

– Konkrete spørsmål henta frå varselet, som no har ført til ein etterforsking i Spesialeininga for politisaker kan eg ikkje kommentere. Vi kan ikkje gå inn i detaljane i ei pågåande sak, seier visepolitimester Olav Valland.

Lenket på hender og føtter

DØMT: Dei sju mennene vart dømt for narkotikalovbrot i tingretten og lagmannsretten, men frikjent for mafiavirksomhet. Her syner ein av dei fram handjerna han måtte gå med i starten av rettssaka.

Foto: Magnus Aamo Holte / NRK

– I kjernen av etterretninga

Valland vil heller ikkje uttale seg om spørsmål om albanske kriminelle i Bergen, uavhengig av varselet.

– Det er relevante spørsmål, men dei går inn i kjernen av etterretningsarbeidet vårt. Vi kan ikkje greie ut om det offentleg, seier Valland.

Politimeister Kaare Songstad har ikkje ønska å svare på spørsmål knytte til konkrete kriminelle grupperingar, fordi han ikkje sit med detaljkunnskapar om dette temaet sjølv.

– Generelt kan eg seie at det er viktig at vi ikkje mister oversikt, og ikkje sluttar å føre kontroll med dei utanlandske kriminelle og deira aktivitet, seier Songstad.

Politimeisteren vart utnemnt ved årsskiftet. I rapporten hevdar varslaren at leiinga dei siste åra har gitt føringar til spanarane om å ikkje gripe inn mot grov narkotikakriminalitet.

Det har ikkje Songstad avvist.

Kaare Songstad

BERGEN: Dei polititilsette må ikkje miste oversikta og kunnskapen om grupperingane, seier politimeister Kaare Songstad.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden

Politimester: – Det blei gitt signal

– Det stemmer at vi har sendt signal om at ein skulle avgrense saksmengda, det var vi heilt nøydde til. Vi har måtte gjere prioriteringar, for å fokusere på andre område som kriminalitet mot barn, seier Songstad.

– Og det kom frå dåværande politimester og ned i systemet?

– Desse signala kom frå leiinga, frå oven og ned, seier Songstad.

Varslaren meiner det er brot på politiet si plikt om å gripe inn, når leiinga gjev føringar mot å gripe inn på konkrete opplysningar om narkotikakriminalitet. Politimesteren seier han har diskutert det med andre i politiet.

– Vi har diskutert det internt. Eg kan ikkje gå inn i dei vurderingane no, det ville bli feil.

Politimesteren avkrefter at dei har bedt eksterne vurdere lovlegheita.

Oslo: – Eit hovudfokus sidan 2013

Politiet i Oslo gjekk til aksjon mot ei adresse etter opplysningar frå Bergenspolitiet, ifølge varslaren.

Politiet fann store mengder kokain, heroin, skytevåpen og kontantar. NRK kjenner til at Oslo politidistrikt hadde ein politiaksjon som svarar til varslaren sine påstandar.

I den grad vi kan snakke om mafialiknande miljø i Norge, er dei tungt kriminelle frå Albania det næraste vi kjem.

Einar Aas, seksjonsleiar for Org.krim i Oslo

I Oslo skal kriminelle nettverk frå Balkan, og spesielt Albania, ha vore eit hovudfokus sidan november 2013.

Leiaren for arbeidet mot organisert kriminalitet i Oslo-politiet, Einar Aas, vil ikkje kommentere enkeltopplysningar frå varselet. Han vil heller ikkje uttale seg om andre politidistrikt.

Einar Aas i Org-krim

OSLO: Politiet har hatt eit fokus på albanske kriminelle sidan november 2013, ifølge seksjonsleiar Einar Aas.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

– Det er ein dårleg skjult hemmelighet at vi har prioritert tunge, albanske kriminelle miljø. Det er sjølvsagt fordi dei er sentrale. I den grad ein kan snakke om mafiatilstandar i Norge, så er dette miljøet det næraste vi kjem, seier Aas.

– Vi har registrert at når vi legg trykk på desse miljøa i Oslo, så flyttar dei seg til byar som Stavanger, Bergen og Kristiansand, seier Aas.

Å etterforske og gripe inn mot utanlandske kriminelle har vore kompliserte, tidkrevjande og kostbare saker, ifølge Aas.

– Vi vil ta dei med størst samfunnsmessig skadepotensial og ramme tung kriminalitet hardast.

– Er desse grupperingane blant dei med størst skadepotensial?

– Ja, vi meiner at dei er det. Derfor er kriminalitet frå Balkan generelt, og Albania spesielt, eit satsingsområde.