NRK Meny
Normal

Varslar rumensk politi om barneekteskap

Forsvarar meiner politiet stigmatiserer i saka der fire rumenarar er sikta for å ville selje ei jente (16) til prostitusjon i Bergen. – Det er vår plikt å beskytte barn, svarar politiet.

Rudolf Christoffersen

NOK BEVIS: Politiadvokat Rudolf Christoffersen meiner bevisa dei har i menneskehandel-saka er tilstrekkelege, sjølv om lagmannsretten ikkje er einig. Dei veit mellom anna at den 16 år gamle, fornærma jenta vart gifta vekk då ho var 15.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Fredag vart fire rumenske personar, sikta i den såkalla menneskehandel-saka, lauslatne etter at lagmannsretten kom fram til at bevisa i saka ikkje var gode nok til varetektsfengsling.

Undervegs i etterforskinga har politiet fått kritikk frå familie og forsvararar, som også meiner politiet har for dårlege bevis.

– I mangel på bevis har politiet i staden peika på gamle saker og tidlegare avgjerder. Det kan verke som eit forsøk på å stigmatisere personar med ein viss etnisk bakgrunn, sa Einar Råen, som forsvarer ein av dei sikta i saka, til BA på laurdag.

Einar Råen

KRITISK: Forsvarar Einar Råen meiner politiet stigmatiserer. – Eg stiller spørsmål ved om det i det heile tatt er nokon fornærma i denne saka. Kva har dei i så fall gjort gale, sa Råen til NRK etter fengslingsmøtet i tingretten på tysdag.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

No avviser politiadvokat Rudolf Christoffersen kritikken, og viser mellom anna til at det har kome fram i etterforskinga at den fornærma jenta (16) i saka, vart gifta vekk i Romania då ho var 15.

– Dette vil vi no varsle barnevernet og politiet i Romania om. Så er det opp til rumensk politi å gjere sine vurderingar, seier Christoffersen til NRK.

Veit ikkje kor ektemannen er

Forsvarsadvokatane har sidan aksjonen førre helg vore kritisk til politiet si grunn for siktingane.

– Argumentasjonen i siktinga er på grensa til stigmatiserande mot ei folkegruppe. Eg stiller spørsmål ved om det i det heile tatt er nokon fornærma i denne saka, sa forsvarar Råen til NRK etter fengslingsmøtet i Bergen tingrett på tysdag.

Christoffersen meiner prioriteringa av saka viser at politiet ikkje stigmatiserer.

– Barneekteskap innan delar av rom-kulturen er eit fenomen som EU og FN har påpeika fleire gongar at det må reagerast på. Det har ikkje noko med stigmatisering av folkegrupper å gjere, men handlar om vår plikt til å beskytte alle barn. Rom-barn har krav på same vern som alle andre barn.

– Trur de ektemannen til 16-åringen er i Romania?

– Vi veit ikkje kvar han er, seier Christoffersen.

Politiet aksjonerer mot rumensk nettverk i Bergen

AKSJONERTE: Førre laurdag blei totalt elleve rumenske statsborgarar arresterte i aksjonar mot dette huset i Bergen og på Askøy. Dagen etter blei sju av dei lauslatne. Fire personar er framleis sikta i saka.

Foto: NRK

Han meiner det er politiet si plikt å reagere under slike høve.

– Barn som er utsett for barneekteskap er særs sårbare for utnytting. Når politiet mistenker at eit slikt barn er brakt til Noreg for å bli utnytta har vi ei plikt til å reagere, seier Christoffersen.

Straffbart også i Romania

– FN sin barnekonvensjon skil ikkje mellom kultur, etnisitet eller religion. Barneekteskap er straffbart også i Romania, seier Christoffersen

Då dei sikta rumenarane vart lauslatne fredag ettermiddag, var 16-åringen framleis under barnevernet sin omsorg.

– Barnevernet gjer sine sjølvstendige vurderingar, uavhengig av kva politiet, forsvararane og retten meiner. Men det er klart at normalt vil føringane som er lagt av domstolen bli lagt stor vekt på, sa Christoffersen då.

NRK har søndag vore i kontakt med bistandsadvokaten til jenta, Hilde Cecilie Meyer. Ho vil ikkje kommentere saka.