Hopp til innhold

Varslar pigdekkavgift i Bergen

Det kan bli innført piggdekkavgift i Bergen neste år.

Byrådet vil innføra piggdekkavgift dersom ikkje 80% av bilistane i Bergen køyrer piggfritt i løpet av året, skriv Bergensavisen.

Det fine vêret har ført til ekstra mykje luftforureining i Bergen i vinter.

Piggdekkavgifta kan bli innført frå 1. januar.

 

Byråd Lisbeth Iversen rydder boss
Foto: Jo Hjelle / NRK

 - Kjem med meir

- Dette er berre tiltak som umiddelbart svarer på dei problema som helsebyråden har lagt fram når det gjeld luftkvaliteten. Eg kjem med meir når me skal laga rullering av klimahandlingsplan. Tiltaka me føreslår no er av den typen som ikkje krev mykje utgreiing, seier Lisbeth Iversen til BA.