Hopp til innhold

Tek ut 80 lærarar i streik

Frå neste måndag tek Skolenes landsforbund ut ytterlegare 80 lærarar i streik ved fleire vidaregåande skular i landet.

Demonstrasjon Trondheim

VARSLAR OPPTRAPPING: Skolenes landsforbund varslar opptrapping av streiken i ettermiddag.

Foto: Kjartan Ovesen/NRK

– Vi kjem med eit opptrappingsvarsel i løpet av dagen. Kvar vi skal ta ut fleire i streik kan eg ikkje seie enno, då arbeidsgjevar må varslast først, sa forbundssekretær Gunnvor Sen i Skolenes landsforbund til NRK måndag.

Kort tid etter er streikeuttaket klart. SL tek ut 80 lærarar fordelt på fire vidaregåande skular i Hammerfest, Arendal og Porsgrunn. Dei vert tekne ut frå måndag 1. september.

Etter at det ikkje vart semje mellom partane i konflikten i går kveld, har fleire av lærarorganisasjonane varsla at det kan bli opptrapping av streiken. Utdanningsforbundet sa tidlegare i dag at det no blir vanskeleg å skjerme barneskulane.

Få det siste frå lærarstreiken i vårt nyheitssenter:

Vidaregåande skular

Det er følgande skular som vert råka av opptrappinga neste måndag:

  • Hammerfest vidaregående skole: 11 lærarar
  • Sam Eyde vidaregående skole i Arendal: 25 medlemmar
  • Porsgrunn vidaregående skole: 33 medlemmar
  • Telemark tekniske fagskole: 4 medlemmar

Skolenes landsforbund var også dei første som tok sine medlemmar ut i streik. 10. juni gjekk fem lærarar ved Eide barneskule på Karmøy ut av arbeid.

Fleire opptrappingar

Nærare 8000 lærarar frå Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund, Musikernes fellesorganisasjon og Norsk Lektorlag er i streik, og nær 100.000 skuleelevar er råka.

MFO varsla opptrapping førre måndag, og tok i dag ut 41 lærarar ved kulturskular, ungdomsskular og vidaregåande skular over heile landet.

Også Norsk Lektorlag melder nytt streikeuttak i dag. Dei tek ut tolv lektorlagsmedlemmar ved Torstad ungdomsskule i Asker kommune. Det vil råke spesielt avgangselevane på 10.trinn.

– KS må gi seg

SL forlangar at hovedstyret i KS igjen må på bana for å gi forhandlarane eit nytt mandat.

- Nå må politikarane i KS sitt hovudstyre forstå at ein ikkje finn noko løysing utan at KS gir seg på kravet om meir bunden arbeidstid for lærarane. Vi beklagar at streiken råkar tredjepart, skriv forbundsleiar Anne Finborud i ei pressemelding.