NRK Meny
Normal

Fare for streik i barnehagane

Fagforeiningane og Private Barnehagers Landsforbund møtes til mekling torsdag. Blir dei ikkje samde vil over tusen barnehagetilsette gå ut i streik frå neste veke av.

Barn

KAN BLI STREIK: Utdanningsforbundet og Fagforbundet Hordaland varslar streikeuttak i barnehagane ifrå neste veke av.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Det er Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Delta som går i mekling med Private Barnehagers Landsforbund (PBL) torsdag denne veka.

Om det ikkje blir ei løysing innan fredag midnatt, vil Utdanningsforbundet ta 640 av sine 6000 medlemmar i private barnehagar tilknytt PBL ut i streik frå måndag neste veke.

I tillegg varslar Fagforbundet at dei vil ta ut 790 av sine medlemmar om partane ikkje blir samde, dei fleste av desse fagarbeidarar og assistentar. Delta vil ta ut 31 sine medlemmar i første fase.

Det betyr at 1.421 tilsette i private barnehagar kan bli tatt ut i streik frå måndag av.

Her vil uttaket skje

Kommune

Tal

Bergen

318

Bodø

23

Oslo

59

Porsgrunn

52

Rana

63

Sarpsborg

43

Skien

82

Totalt

640

Tala gjeld for Utdanningsforbundet.

Det er Bergen som blir hardast råka av ein eventuell streik i dei private barnehagane, med til saman 700 medlemmar i Utdanningsforbundet og Fagforbundet som kan bli tatt ut i streik.

Utdanningsforbundet tar ut tilsette i desse barnehagane, Fagforbundet i desse medan Delta tek ut tilsette her.

Strid om ny pensjonsavtale

Under forhandlingane i juni kom ikkje partane til semje. Striden denne gongen står om pensjon.

– Stridens kjerne er at dei private barnehagane ynskjer å inngå ein ny pensjonsavtale som råkar dei tilsette hardt økonomisk. Vi kan ikkje godta ei ordning der eigarar kan ta ut eit overskot på kostnad av dei tilsette sin pensjonsordning, seier Lied.

Ho viser til at dei private barnehagane i dag får offentleg tilskot tilsvarande 18 prosent av lønskostnaden til pensjon til dei tilsette, men per i dag brukar berre åtte prosent av desse til pensjon.

– Skremselspropaganda

– Vi meiner vi har lagt eit godt og framtidsretta tilbod på bordet og er klar for å diskutera dette med forbunda, seier fungerande administrerande direktør Jørn-Tommy Schjelderup i PBL til NTB.

Han skuldar Utdanningsforbundet for å drive skremselspropaganda mot forslaget frå PBL.

– Vårt forslag er ikkje eit sparetiltak i notid. Kostnadane for barnehagane bilr like høge med vårt forslag, som er ein innskotsordning med kompensasjon som sikrar at ingen tilsette kjem dårlegare ut enn dei ville gjort med dagens ytingsordning, seier han til nyheitsbyrået.

Råkar foreldre – igjen

Det er berre få veker sidan lærarstreiken vart avblåst. Utdanningsforbundet beklagar at ein eventuell streik vil råke barna i barnehagane og deira foreldre.

– Det er vi lei oss for. Men vi trur at pensjon er eit så viktig spørsmål med tanke på rekruttering og halde på dyktige tilsette i barnehagane, at foreldre vil ha forståing for at vi går til det drastiske skrittet, avsluttar Lied.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo