NRK Meny
Normal

Varslar kaos frå i morgon

Statens vegvesen melder om varige endringar for bilistane i Bergen. Ei trafikkomlegging i sentrum startar i løpet av natt til tysdag og kan føre til kø og kaos i trafikken.

Kart_Nabovarsel_3_fix

NY SYKKELVEG: I Lars Hilles gate kjem det ein ny sykkelveg (blålinje). For bilistane i Bergen sentrum vil det kome varige endringar i køyremønsteret.

Foto: Håkon Skagen / Statens vegvesen

Frå tysdag 14. januar vert det varige endringar for bilistane nær Grieghallen, Bygarasjen og Nygårdshøyden i Bergen. Bakgrunnen for omlegginga er ein ny 450 meter lang sykkelveg i Lars Hilles gate, som skal stå ferdig våren 2014.

Stenger og snevrar inn

Her er endringane:

  • Frå i morgon av blir det ikkje lenger mogeleg med innkøyring til Lyder Sagens gate frå Lars Hilles gate.
  • Det blir snevra inn til eitt felt i Lars Hilles gate i sørgåande retning mellom Strømgaten og Lyder Sagens gate.
  • I tillegg blir det ikkje lenger mogeleg å køyre frå Daniel Hansens gate inn i Jonas Reins gate (sjå kart).

(Artikkelen held fram under biletet)

Fare for kø

nytt køyremønster

NYTT KRYSS: Det er nye endringar i krysset ved Grieghallen.

Foto: Håkon Skagen / Statens vegvesen

– Anleggsarbeidet med sykkelvegen gjer at omlegginga skjer no, men dette er altså varige endringar for bilistane, endringar som gjeld også etter at sykkelvegen er ferdig, seier byggjeleiar Arne Nilssen i Statens vegvesen.

Det er fare for køar i Fjøsangerveien langsmed Bystasjonen og i Nygårdsgaten, Strømgaten og Lars Hilles gate som følgje av endringane.

– Vi ventar køar i området særleg dei fyrste vekene etter omlegginga, kanskje også på permanent basis, seier Nilssen.

Nilssen oppmodar bilistane om å berekne god tid inn til Bergen sentrum i morgon tidleg.

SJÅ OGSÅ: Her jublar dei for millionar til sykkel-VM

Omkøyring

I dag er det mange som bruker Lyder Sagens gate som ankomstveg til Nygårdsgaten og Nygårdshøyden. Frå 14. januar må altså desse køyre andre vegar:

  • Køyrande som kjem frå nord (Åsane, Sandviken) og skal til Nygårdshøyden, må via Danmarksplass til Solheimsgaten, vidare til Nygårdsgaten, deretter vidare opp Hans Tanks gate.
  • Køyrande som kjem frå sør (Fana, Nestun, osv.), må anten køyre same rute eller til Olav Kyrres gate, vidare til Nygårdsgaten og opp Strømgaten til Nygårdshøyden.

Gjer ferdig ny sykkelveg

Bakgrunnen for omlegginga av biltrafikken er altså den nye 450 meter lange sykkelvegen i Lars Hilles gate, frå Agnes Mowinkels gate fram til Rasmus Meyers Allé ved Lille Lungegårdsvann.

Den nye sykkelvegen er i tråd med Bergensprogrammet sine ambisjonar om å leggje meir til rette for bruk av sykkel og å redusera biltrafikken i byen.

Sykkelvegen er ferdig våren 2014 og blir ein del av hovudsykkelruta frå sør inn mot sentrum.

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit