NRK Meny
Normal

Ap varslar kamp for å behalda skattekontora

– Fleire vil sleppa unna med svart arbeid om dei lokale kemnerkontora forsvinn, meiner byrådsleiarane i Bergen og Oslo.

Harald Schjelderup og Raymond Johansen

VIL HA KEMNER: Aps sentralstyre i er samla i Bergen for å laga nytt partiprogram. Byrådsleiarane i Bergen og Oslo, Harald Schjelderup og Raymond Johansen, er sterkt ueinige i at skatteinnkrevjinga bør flyttast frå kommune til stat.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I framlegget til statsbudsjett går regjeringa inn for at staten skal overta skatteinnkrevjinga frå 1. juni 2016. Målet er å spara 350 millionar årleg. Det vil bety at talet på kontor som driv inn skatt vil gå frå 288 til 27.

– Ofte trur ein berre staten gjer noko så blir det meir effektivt. Men me meiner at kommunane som sjølve har kjennskap til innbyggarane og næringslivet vil løysa innkrevjinga på ein betre måte, seier Harald Schjelderup.

Ap sitt sentralstyre er samla i Bergen for å laga nytt partiprogram. Dei to ferske byrådsleiarane i Bergen og Oslo, Harald Schjelderup og Raymond Johansen, går no saman for å behalda dei kommunale kemnerkontora.

Lokalkunnskap viktig

I tillegg til at kommunane vil tapa inntekter, fryktar Ap-byrådsleiarane i Oslo og Bergen, Raymond Johansen og Harald Schjelderup, at mindre lokalkunnskap vil svekka kampen mot arbeidslivskriminalitet.

– Det å ha stor kunnskap om lokale entreprenørar, hotell og restaurantbransjar er verdifullt å ha med seg for å motarbeida svart arbeid, seier Johansen.

Dei to byrådsleiarane viser også til erfaringar frå Danmark der ein gjekk over til statleg innkrevjing i 2005. Den danske riksrevisjonen har slått fast at beløpet ein ikkje har greidd å driva inn, har auka kraftig etter at kommunane mista ansvaret.

– Erfaringane frå Danmark er svært dårlege. Det finst ingen bevis på at ein vil spara pengar på dette, seier Johansen.

– Staten vil krevja inn meir

Sigurd Hille, som representerer Høgre i finanskomiteen på Stortinget, er uenig med Johansen og Schjelderup.

– Sett med storsamfunnet sine auge så er det vår plikt å få dette til på ein effektiv og økonomisk måte, seier han.

Hille meiner staten vil greia å krevja inn meir pengar enn kommunane gjer i dag. 60 prosent av skattekontora ute i kommunane har færre enn to årsverk.

– Eg tvilar ikkje på at store byar som Bergen og Oslo har ein kompetent kemnerorganisasjon som følger dette opp i dag. Men me veit at den såkalla arbeidsgjevarkontrollen som er viktig for å nedkjempa svart arbeid, er fråverande i ein del kommunar.

Sigurd Hille

STATLEG OPPGÅVE: Sigurd Hille sit i finanskomiteen for Høgre på Stortinget. Han har stor tru på at staten vil greia å krevja inn meir pengar enn det mange små lokalkontor klarar i dag.

Foto: SØLVE RYDLAND / NRK

– Blir undervurdert

Dei to Ap-byrådsleiarane meiner regjeringspartia undervurderer fagkompetansen i kommunane.

– Vårt inntrykk er at også dei mindre kommunane ønsker å behalda kontora, og ser verdien av lokalkunnskapen dei har. Systemet vi har no fungerer svært godt, meiner Johansen.

For Schjelderup er det svært sjølvmotseiande at kommunane blir fråtekne arbeidsoppgåver.

– Ein seier at ein vil legga fleire oppgåver til kommunane, og så er det no det motsette som skjer. Me berre ristar på hovudet og håpar at fornufta sigrar til slutt, seier han.