NRK Meny
Normal

Varslar fleire narkoaksjonar i Nordhordland

Politiet i Nordhordland vil arrestera fleire ungdomar for narkotikabruk.

Politi

NYE AKSJONAR: Nær 30 ungdomar heilt ned i 14 års alderen vart arresterte for vel to veker sidan, då politiet hadde ein narkoaksjon i Nordhordland. No varslar politiet om fleire aksjonar.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Nær 30 ungdomar heilt ned i 14 års alderen vart arresterte for vel to veker sidan, då politiet hadde ein narkoaksjon i Nordhordland. Denne aksjonen var utan samanheng med narkoavsløringane blant unge i Bergen.

Fleire aksjonar

Vatne

VIKTIG: Lensmann Einar Vatne meiner det er viktig å prøve å stoppe ungdommen så tidleg som mogeleg.

Foto: Morten Sæle / Avisa Nordhordland

No varslar lensmann Einar Vatne i Nordhordland politi at dei vil ha fleire narkoaksjonar i Nordhordland.

– Vi har tenkt å ha fleire slike aksjonar. Vi vel å fortsetje med dette fordi vi synest at det er viktig å stoppa dei unge så tidleg som mogeleg, seier Vatne.

– Kjem dykk då til å arrestera fleire i distriktet?

– Det gjer vi nok ja. Vi arbeider med sakene og har fleire namn på blokka som vi skal hanka inn og snakka med. Vi ser på dette som veldig viktig, seier lensmannen.

Låg aldersgruppa

Dei har allereie tatt ungdom ned i 14 årsalderen og det skal vera endå fleire i denne aldersgruppa.

– Det er veldig trasig at dei byrjar med det så tidleg. Du har dei som berre er litt borti det og som det går bra med resten av livet, men så ser vi dei andre som ikkje klarer å kome ut av spiralen. Vi ser det difor som viktig å få stoppa dei tidleg og sørga for at dei kjem seg ut av systemet, forklarer Vatne.

Ikkje aksjon i klasseromma

I Bergen har politiet gått direkte inn i klasserommet i sine aksjonar, medan politiet i Nordhordland ikkje har nytta seg av denne metoden.

– Vi har valt å gjera detta utanom skuletid og vi har difor valt å ikkje gå inn i klasseromma, seier Vatne.

Grunnen til at dei vel å ta aksjonane utanom skuletid er at dei synest det er den mest hensiktsmessige måten å gjera det på.

– Vi skal også møta dei pårørande og dei får vi lettare tak i på ettermiddagen, forklarer lensmannen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.