Hopp til innhold

Varslar fleire innstilte tog i framtida

Det blir fleire innstilte tog på Bergensbanen i framtida, på grunn av frykt for ulykker med ekstremvær.

Tog ved Uppsete

FRYKTAR EKSTREMVÆR: Regelen har vore at det alltid går eit tog, men no varslar NSB ei kursendring.

Foto: MMS: / NRK

Snøstorm

SNØSTORM: Redningsaksjonar i slike forhold er noko av det NSB ønskjer å unngå i framtida.

Foto: Trond Augestad / Jannicke Høyem, Universitetslektorer NIH

NSB tar klimaendringene på alvor, og har følgende melding til de reisende med Bergensbanen:

– Vi ser jo at vi blir meir restriktive med å kjøra tog når veret er dårleg, seier NSB-direktør Tom Ingulstad til NRK.

Han varslar dermed ei kursendring i forhold til tidlegare, då toga skulle gå sjølv om all annan trafikk stod stille på grunn av vanskelege verforhold.

– Toleransen for risiko er lågare. Når verforholda eskalerer, blir vi meir restriktive i forhold til å stansa trafikken, seier Ingulstad.

Beredskapen på Bergensbanen fekk kraftig kritikk i forrige veke. Då sa brannsjefen på Voss til NRK at «flaksen er i ferd med å ta slutt».

Les og: Slår alarm om togberedskapen: Ikke nok tepper på Bergensbanen

Avsporet tog, Bergensbanen

AVSPORING: Slik kan det gå når det er ekstremver på høgfjellet. I februar 2007 spora eit tog med 130 personar ombord av mellom Hallingskeid og Myrdal.

Foto: Alrik Velsvik / NRK