Hopp til innhold

Håpar køprising er nok til å hindre farleg luft

Igjen er det varsla dårleg luftkvalitet i Bergen, men klimabyråden håpar køprisinga skal vere nok til at ein slepp å innføre datokøyring denne veka.

Julie Andersland

VIL UNNGÅ DATOKØYRING: Klimabyråd i Bergen håpar køprising skal vere nok til at kommunen slepp å innføre datokøyring.

Foto: Sølve Rydland / NRK

For første gong sidan køprising blei innført er det varsla auka luftforureining i Bergen.

På grunn av eit vêromslag vil luftforureininga igjen nå oransje og raudt nivå på målarane rundt om i byen.

– I første omgang vil vi sjå om køprisinga har stor nok effekt. Dersom luftkvaliten likevel blir for dårleg må vi vurdere å innføre datokøyring igjen, seier Andersland.

– Køprisinga har hatt effekt

Onsdag varslar Meteorologisk institutt moderat luftforureining i Bergen. I sterkt trafikkerte område kan lufta blir endå dårlegare.

– Vi ser allereie at køprisinga har hatt effekt. Trafikken gjennom bompengeringen har gått ned sidan ordninga blei innført. Nedgangen er også større enn då vi innførte datokøyring under den førre dårlege luftperioden, seier Andersland.

På Danmarksplass har køprisinga ført til at køane er blitt kortare.

– Køståing står for ein god del av utsleppa på Danmarksplass, og vi håpar at køprisinga hjelpe på lufta der sjølv når det er fint vêr, seier Andersland.

Sendt ut varsel til hamna

Ifølgje statsmeteorolog Anders Sivle ved Vêrvarsling vil lufta ikkje blir like farleg som i sist finvêrsperiode. Torsdag og fredag er meir usikkert, fordi ein ikkje er sikre på kor mykje vind som vil kome.

– Vi har allereie sendt ut varsel til vegstellet og hamna. Dei er ansvarlege for å gjere sine eigne tiltak ut ifrå korleis luftkvaliteten er, seier Andersland.

Onsdag vil byrådet gjere ei ny vurdering.

Danmarksplass i Bergen

GJENGANGAR: Danmarksplass er ein av stadane i Bergen som ofte har dårleg luft.

Foto: Anders Ekanger / NRK