Hopp til innhold

Varmast på Vestlandet denne helga

Temperaturen denne helga har vore over 30 grader fleire stader i vest. – Denne type vêr er vi ikkje bortskjemde med, seier meteorologen og lovar sol og varme også neste veke.

Plutselig sommer

HELD FRAM: Det varme vêret held fram også neste veke. I helga har fleire stader på Vestlandet hatt over 30 grader.

Foto: Alf Ove Hansen

– Det har vore merkverdig vêr denne helga, seier vakthavande meteorolog Karsten Eitrheim ved Vêrsvarslinga på Vestlandet.

Temperaturen har vore godt opp mot 30 grader fleire stader på Vestlandet, og mange har også opplevd at gradestokken har vippa over den magiske grensa. Nokre tykkjer kanskje det er frykteleg varmt, medan andre ønskjer det hjarteleg velkommen.

Folk har søkt til fjells, ut i parkar og til strender og badevatn.

Vestlandet aller varmast i landet

Faktisk var det aller varmast i heile landet i Hordaland og Sogn og Fjordane laurdag:

Laster Twitter-innhold

I Bergen vart det difor spekulert i om varmerekorden frå 2003 på 31,8 grader kunne ryke denne helga, men det har den ikkje gjort ifølgje Eitrheim.

Makstemperaturen som vart målt i Bergen sundag var på 29,7. Aller varmast har det vore i Lærdal, der gradestokken ikkje stogga før på 31,2 grader. I Hordaland var det Voss som var varmast sundag med 30,9 grader.

Sjå temperaturane for sundag 20. juli i faktaboksen til høgre.

– Det ser ut til at Vestlandet også var varmast i landet sundag. Vi er ikkje bortskjemde med denne vêrtypen og det er nok etterlengta for mange, seier Eitrheim.

30 grader også neste veke

Han kan kome med ei skikkeleg flott vêrmelding også neste veke.

– Det ser veldig lovande ut heile neste veke på Vestlandet. Vi snakkar om temperaturar mellom 27 og 30 grader dei første dagane, medan det blir litt lågare fram mot helga. Ein stad mellom 25 grader og 30 grader kan det bli, seier Austrheim.

Han legg til at ein likevel må rekna med nokre ettermiddagsbyer neste helg.

Laster Twitter-innhold

Sjå bilete frå #NRKHordaland

Fleire har delt bilete med oss denne helga. Då har dei brukt emneknaggen #nrkhordaland. Her er nokre av bileta frå helga: