Hopp til innhold

Arvestrid årsaka til ramponering av bustadhus

Mannen som er mistenkt for skadeverk med traktor på eit bustadhus i Etne sundag, vart tysdag varetektsfengsla for fire veker. Årsaka til ramponeringa skal vera arvestrid.

Rasert hus Etne
Foto: Svein Egil Økland

Det var sundag ettermiddag at 53-åringen gjekk laus på eit bustadhus i Etne med traktor.

Den sikta er bror til mannen som eig huset. Huseigaren oppheld seg i huset saman med kona og eit born då broren gjekk til angrep.

– Mannen brukte traktoren som rambukk, og huset har fått store skader, sa operasjonsleiar Norunn Byrknes i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til NRK sundag.

Arvestrid

Haugesunds Avis skriv tysdag at det var arvestrid som utløyste ramponeringen av bustadhuset.

Huseigaren fortvilar over handlingane og fortel til avisa om eit langt og problematisk forhold til sin bror.

– I fjor haust vart eg angripe av min bror. Eg har levd i stor frykt sidan og har ynskja han vekk frå kårhuset til garden, som han har budd i.

53-åringen meiner det var mor hans si vilje at han skulle overta kårhuset og fem dekar tomt etter ho.

Ei mellombels forføyning i retten gjorde at den sikta vart tvungen til å flytte frå kårhuset og finne seg ein ny bustad.

– Min klient er oppteken av å finna ei løysing på denne tvisten med broren, som har pågått over lang tid, seier mannens forsvarar Anne Elisabeth Kroken til Haugesunds Avis.

Besøksforbod

Mannen har vore oppteken av å ta vare på kårhuset. Den eldste delen på huset skal vera frå 1600-talet.

– Han har høyrt rykte om at broren ynskjer å riva kårhuset. Det var dette som trigga handlingane hans sundag, held ho fram.

Den sikta 53-åringen har ein rekkje dommar bak seg. og har sona fleire straffar. Mellom anna for eit tidlegare angrep sin bror. Han har hatt besøksforbod overfor bror sin, fram til 2. juli.

Under varetektsfengslingsmøtet tysdag tok han ansvar for handlingane sine, men erkjente ikkje straffeskuld.

No ventar altså fire veker i varetekt for 53-åringen.

– Han treng hjelp og ikkje fengsel. Dette skulle vore stogga før det gjekk så langt, seier huseigaren til Haugesunds avis.

Ifølgje sikta sin advokat føler 53-åringen seg urettferdig behandla i arvetvisten.

Stakk av

Etter å ha rasert bustadhuset til broren, stakk mannen av i ein varebil. Då politiet prøvde å stogga han, køyrde han inn i politiet. I Etne sentrum vart han endeleg stansa etter å ha krasja inn i ein parkert bil. I fluktforsøket vart det gjort store materielle skadar, og mannen pådrog seg mellom anna eit brot i ryggsøyla.

Mannen vart arrestert av politiet, og sendt til sjukehus.

– Heilt forferdeleg

Ordførar i Etne, Sigve Sørheim, var ein av dei første som kom til bustadhuset sundag ettermiddag. Han skildra øydeleggingane slik:

– Det såg heilt forferdeleg ut. Huset er rasert på framsida. Både glas og veggar og alt som er, er trykt inn av traktoren og det er hjulspor på grunnmuren. Det er betydelege skadar.

Sørheim vart oppringt av akuttmedisinsk kommunikasjonssentral, som anbefala at eit kriseteam skulle hjelpe familien.

– Dei var oppskaka og sinte etter det som hadde skjedd. Det er ei langvarig konflikt som ligg bak, og dette var noko dei frykta ville skje.