Hopp til innhold

Var redd for å takka ja til rolla som Kristin Lavransdatter

DEN NATIONALE SCENE (NRK): Aldri før har Kristin Lavransdatter blitt framført som musikal – eller på nynorsk. No gjer Herborg Kråkevik begge delar.

Herborg Kråkevik øver på song og dans øver på song og dans på Sentralbadet i Bergen.

SYNGANDE KRISTIN: Herborg Kråkevik måtte overtalast til å takka ja til rolla som Kristin. – Ho er ein karakter utruleg mange har eit bilete av inne i hovudet sitt.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

– Eg blei veldig betenkt då det gjekk opp for meg kva ansvar det var. Då måtte eg overtalast kraftig av regissøren.

Herborg Kråkevik er inne i si andre veke med musikalen «Kristin Lavransdatter» på Den Nationale Scene i Bergen.

Aldri før har Sigrid Undset sin kjende trilogi blitt gjort som musikal.

– På DNS veit dei kva eg kan, og kva eg ikkje kan. Eg kjem på ein måte heim. Det er det beste av alt, seier Kråkevik.

Men valet om å takka ja til rolla var ikkje berre lett for Herborg.

Undset på nynorsk

Kristin Lavransdatter er ein del av mellomalderskildringa som sikra Undset Nobels litteraturpris i 1928. Trilogien er skriven på bokmål, musikalen på nynorsk.

– Eg blei veldig glad då eg høyrde musikalen var på nynorsk. Men òg litt redd. Kva vil riksmålsfolket seia til Undset på nynorsk?

Herborg Kråkevik og regissør Svein Sturla Hungnes

PRØVAR: Herborg Kråkevik og regissør Svein Sturla Hungnes under prøvane til Kristin Lavransdatter. Hungnes hadde Herborg i tankane då han valde ut tekstar frå bøkene.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Men regissør Svein Sturla Hungnes var fast bestemt på å bruka nynorsk.

– Det kler stoffet. Poesien kjem betre fram. Det går fort over i moderne språk viss skodespelarane skal bruka bokmål.

Herborg og Hans Marius må henta fram mange kjensler på scena.

PÅ SCENA: Herborg Kråkevik og Hans Marius Hoff Mittet må visa både lidenskap og aggresjon på scena.

Foto: Magnus Skrede / DNS

Heftig for Kristin og Erlend

Djup kjærleik, botnlaus sorg og sinne skal manast fram på scena. Det siste er lettast, meiner Herborg.

Hans Marius Hoff Mittet bur i Bergen denne våren.

KOLLEGA: Hans Marius Hoff Mittet meiner det gjer jobben lettare å ha spelt mot Herborg Kråkevik tidlegare.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

– Eg har temperament og brukar krefter på å skjula det. Å visa sinne på scenen gjer godt. Å spela skikkeleg forelska er vanskelegast.

Hans Marius Hoff Mittet spelar Erlend, og var aldri i tvil om å takka ja. Han har spelt mot Herborg før.

– Det er eitt av dei finaste scenemøta mine. Då eg fekk høyra kven som skulle spela Kristin var eg ikkje i tvil. Me har sjeldan god kjemi.

Stolt lærar

Interessa for Kristin Lavransdatter starta då Kråkevik gjekk på skulen, og læraren skal ha mykje av æra for det.

Det var nemleg Jofrid Kårstad Espeland i Jondal, som fekk Herborg til å lesa den første boka om Kristin Lavransdatter på slutten av 80-talet.

– Eg hadde Herborg i norsk litteratur og drama. Me sette opp eit stykke av Ludvig Holberg, og Herborg hadde hovudrolla. Det var vel heilt i starten av hennar karriere, seier ho og smiler.

Herborg spelar skuleteater

28 ÅR SIDAN: Her ser du Herborg Kråkevik i hovudrolla som den giftegalne dama i eit teaterstykke av Ludvig Holberg. Stykket blei sett opp på Jondal skule i 1989.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Herborg meiner norsktimane med Jofrid var viktige.

– Heilt avgjerande! Eg kom jo frå ein heim der me las mange bøker, men det å ha ein lærar som sa: «Dette må du lesa! Dette er noko for deg!». Det betydde mykje.

– Eg er stolt, alle heime i Jondal er stolte, og no er alle så oppkava for me må skaffa oss billettar, seier Espeland.

– Og eg har blitt veldig glad i Kristin, humrar Herborg.

Herborg Kråkevik og den tidlegare læraren hennar, Jofrid Kårstad Espeland

ELEV OG LÆRAR: Herborg Kråkevik møter att den tidlegare læraren sin, Jofrid Kårstad Espeland. Begge budde i Krossdalen i Jondal då Kråkevik vaks opp.

Foto: Øyvor Bakke / NRK