Hopp til innhold

Var klinisk død etter helikopterstyrten – her møter David Tang (57) redningsmennene

BERGEN (NRK): Ein månad etter at helikopteret styrta i Byfjorden, møtte ein rørt og takknemleg David Tang menneska som redda livet hans mot alle odds. – Dette er den beste løna vi kunne fått.

David Tang møter redningsmannskap

RØRANDE MØTE: David Tang, som vart kritisk skadd etter helikopterulukka 10. mai, møtte i dag redningsmannskapa i Bergen. F.v. Simon Ravn, Kristian Lundemo, David Tang og Magnus Hafslund.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Han har framleis vondt i brystet, der vi knakk eit par ribbein då vi gav hjarte-lunge-redning. Men at han skal ha vore klinisk død for ein månad sidan var det umogleg å sjå, seier leiar for redningsselskapet i Bergen, Simon Ravn.

Denne veka kom David Tang tilbake i Bergen for å takke dei som redda livet hans etter helikopterstyrten i Byfjorden 10. mai.

Søndag inviterte han mannskap frå Redningsselskapet, politiet, luftambulansen og Haukeland universitetssjukehus om bord i «Bacarella» – luksusbåten som helikopteret forsøkte å lande på, då det gjekk gale.

– Han hugsar ikkje særleg mykje frå helikopterstyrten, og ønskte å høyre vår versjon av hendinga, seier Ravn.

– Avgjerande innsats

Redningsskøyta «Bjarne Kyrkjebø» var ute på eit anna oppdrag kvelden 10. mai, og var tilfeldigvis like ved då helikopteret styrta. Difor tok det berre eit par minutt før dei var ved havaristen.

– Vår innsats var avgjerande for at Tang overlevde. Det var, på godt norsk, «griseflaks» at redningsskøyta var like ved. Om ikkje hadde truleg utfallet vore eit anna, noko Tang er klar over, seier Ravn.

Han var sjølv ikkje om bord i redningsskøyta då helikopteret gjekk ned, men er stolt over mannskapet sitt.

To videoer fra vitner viser den dramatiske krasjen i Byfjorden i Bergen. Foto: Knut Farestvedt / vitne fra politiet

HER STYRTAR HELIKOPTERET: Helikopterstyrten filma frå to ulike vinklar av vitne.

Prøvar som hjå ein død mann

Tang, som var ein av tre personar om bord i helikopteret, vart kritisk skadd i ulukka.

– Han uttrykte stor takksemd og var audmjuk for å sitje her, ein månad etter helikopteret gjekk ned, seier Ravn.

Det var nemleg ikkje alle som trudde at den kinesiske advokaten skulle overleve ulukka. Då han vart teken om bord i redningsskøyta var han livlaus, og overlegen som tok imot Tang på sjukehuset fortel til BT at pasienten hadde prøvar som hjå ein død mann.

– Vi set aldri prosentsjanse på om pasientane våre vil overleve, men ved innkomst var det nok mest truleg at det ikkje ville gå bra, seier Gabriele Leonie Schwarz til avisa.

Redningsmannskap om bord på Bacarella

FLOTT LUNSJ: Redningsmannskapa vart søndag invitert om bord på luksusbåten «Bacarella» for lunsj og ein lang prat med David Tang. – Det var heilt surrealistisk å sitje der med han, om bord i ein 60 meter lang yacht og ete mat eg truleg ikkje hadde hatt råd til sjølv, seier Simon Ravn.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Tang har framleis svak stemme etter sjukehusopphaldet, og ville ikkje prate med NRK søndag.

– Rørande

For Redningsselskapet sitt mannskap som møtte Tang om bord i «Bacarella», vart det ei rørande oppleving.

– Vi er frivillig mannskap som ikkje får løn for arbeidet, men å sitje der med David Tang gjer at eg kan halde på i mange år framover. Løna vår er å få slike handfaste bevis på at vi gjer ein viktig jobb, seier Ravn.

No vil Redningsselskapet bruke erfaringar får ulukka i det vidare arbeidet.

– Når vi får dette litt på avstand er det naturleg at vi dedikerer ein medlemskveld til ein debreaf av alle mannskap, og pratar om kva som gjorde at dette gjekk bra.