Hopp til innhold

Nesten umogleg å ekskludera medlemmer i pistolklubbar

Bergen pistolklubb etterlyser strengare rutinar og meiner det må bli lettare å ekskludera medlemmer.

Video 459db544-82c7-4b7f-ab0d-c45ba2cb6172.png

Anders Behring Breivik har vore medlem i Oslo pistolklubb. Ved å trena der i vinter fekk han løyve frå politiet til å kjøpa det eine drapsvåpenet sitt.

For norske pistolklubbar er det nærast umogleg å ekskludera mistenkelege medlemmer.

– Eg skulle ønska at det var lettare for oss som klubb å kunna ekskludera medlemmer som me synest ikkje passar inn i klubben, seier leiar Øystein Fykse i Bergen pistolklubb

– Sidan me driv med skytesport så er det tross alt noko anna enn å driva med fotball. Slik eg oppfattar reglane er dei dei same om ein driv med fotball eller om eit skyt, seier Øystein Fykse.

– Kan ikkje seia «du er ikkje velkommen»

Oslo pistolklubb fatta aldri nokon mistanke til at Anders Behring Breivik hadde terrorplanar. Men sjølv om ein klubb får mistakar eller tvil om eit medlem, er det vanskeleg å sparka dei ut.

– Me har veldig få moglegheiter til å ekskludera medlemmer. Dette er gjennom idrettsforbundet, og me har ikkje høve til å seia «du er ikkje velkommen i klubben lenger», fortel Fykse.

Som i andre idrettslag

Presidenten i Norges skytterforbund, Jan Tore Berg Knutsen, kjenner ikkje til reglar som hindrar nokon å bli medlem i ein pistolklubb.

– Alle kan bli medlem av eit idrettslag og ein pistolklubb er eit idrettslag. Det å komma inn i ein pistolklubb eller eit skyttarlag er ei grei sak, men det er ikkje det som gjer at du får våpen. Det er politiet som gir kjøpsløyve for våpen, og dei sjekkar vandel, seier Berg Knutsen.

– Når politiet skal gi ein vandelsattest, konfererer dei då med pistolklubben?

– Nei. Klubben vil på førespurnad frå politiet stadfesta om vedkommande er medlem, og at vedkommande har følgd treningsprogram, seier Berg Knutsen.

Endrar ikkje synet på medlemsrutinene

– Det er veldig vanskeleg å ekskludera folk frå eit idrettslag i Noreg. Då må vedkommande ha overtrede reglar, vedtekter og anna. Folk som har vanleg god oppførsel, og ikkje gjer noko som strid mot vedtekter, kan ein ikkje ekskludera, opplyser presidenten i Norges skytterforbund.

Utøyamassakren endrar ikkje presidenten i Norges skytterforbund sitt syn på medlemsrutinane.

– Eg kan ikkje sjå nokon grunn til at dette skulle endra på dette med opptak av medlemmer. Som alle andre ønskjer også me auka rekruttering, seier Berg Knutsen.

Bergen pistolklubb har opplevd å fått inn folk dei i utgangspunktet var skeptiske til.

– I det eine tilfellet var det ein som søkte om erverv av våpen. Me sendte då melding til politiet om at me ikkje var heilt trygge på denne mannen, fortel Øystein Fykse.

Vil ha kontakt med passive medlemmer

Politiet kjenner til pistolklubbane si utfordring med at medlemmer ikkje kan ekskluderast. Hordaland politidistrikt meiner dei har tatt tak i dette.

– I mars 2010 sendte me ut eit brev til alle pistolklubbar og klubbar som har med handvåpen å gjera. Me bad då om å få opplysningar om medlemmer som ikkje er aktive i klubben lenger. Det blei følgd opp med eit nytt brev i oktober 2010, og dei fleste av svart oss, seier politiadvokat Erik Johnstad.

– Kva lik bak dette initiativet?

– Våpenlova seier både at ein skal vera skikka til å ha våpen, og at ein skal ha eit behov for å ha våpen. I dette behovskravet ligg dei blant anna ei plikt til aktivitet. Me ønskjer ikkje at folk som ikkje lenger har behov for våpen skal ha det liggande heime, seier Johnstad.