Hopp til innhold
Stengt i Ibsens gate

Vannledningsbrot i Ibsens gate

Oppsummert

Ein vassleidning rauk i Ibsens gate i Bergen i natt. Vegen er stengt på ubestemt tid, medan skadane vert retta. Bebuarar i området som er utan vatn, kan hente dette ved Ibsensgate 71 og i krysset Ibsens gate/Edvard Griegs veg, opplyser kommunen.

  • MELDINGAR OM BRUNT VATN:

    Bergen kommune har mottatt meldingar frå bebuarar i området kring Ibsens gate som har hatt luft i røyra og brunt vatn i springen i dag. Dei som opplever dette, kan berre la vatnet renne til det blir blankt, opplyser Bergen kommune.

  • VEIT IKKJE NÅR VEGEN OPNAR:

    Ibsens gate er framleis stengt etter vassledningsbrot. – Me veit ikkje kor lang tid det vil ta før gata opnar igjen, og anbefaler alle om å unngå å køyre opp dit, seier Kari Sørensen i vaktsentralen i Bergen kommune.

    Ibsens gate stengt
    Foto: Espen Hobbesland / NRK
  • FRAMLEIS UTAN VATN:

    Bergen kommune har sendt ut kring 180 meldingar til folk som er råka av leidningsbrotet i Ibsens gate. – Me held på grave for å få reparert brotet. Kommunen har vasshydrant i krysset Ibsens gate/Edvard Griegs veg, og folk kan også hente vatn frå ein vasstank utanfor Ibsens gate 71, seier Kari Sørensen i vaktsentralen til Bergen kommune.