Hopp til innhold

Naboar kjempa lenge for dette: Vegvesenet brukte 17 år å få opp skiltet

RØLDAL (NRK): Bygdefolket meinte turistane ikkje skjøna skiltinga på E134. Etter mange års kamp er endeleg nytt skilt på plass.

Skiltbytting i Røldal

PÅ PLASS: Knut Svåsand og Tom Jacobsen frå Mesta sikrar at monteringa av nytt skilt i Røldal går etter forskriftene.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Vi skulle sendt ein blome til Vegvesenet, seier ein nøgd turistvert Oddbjørn Lynghammer.

I nær 17 år har han kjempa ein innbiten kamp for å få på plass eit nytt vegskilt på E134 gjennom Røldal.

I dag kan han endeleg jubla.

– Eg er svært nøgd med at dei endeleg har kome opp, seier han, men klarar ikkje legge skjul på at han framleis er overraska over at det skulle ta lang tid.

Nytt skilt i Røldal sentrum

FÅTT NY FARGE: Skiltet har fått nye fargar og Røldal stavkyrkje har fått tydelegare turistskilting.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ville ha ny farge

Turistverten har lenge meint at det gamle skiltet ikkje var godt nok. Det viste veg til Røldal Bygdesentrum, stavkyrkja og daglegvarebutikk, samt symbol for overnatting, restaurant og campingfasilitetar.

Den vesle bygda i Odda kommune er avhengig av at forbipasserande og turistar finn fram og forstår skiltinga, slik at dei ikkje mister viktige kundar.

Lynghammer har hatt reiselivslaget og soknerådet i ryggen når han har kjempa mot Vegvesenet for å få på plass nytt skilt.

Mellom anna ville han endra skiltet "bygdesentrum" til noko utanlandske turistar kan forstå og endre stavkyrkje-skiltet til eit turistskilt med brun farge.

– Det er med å vise at Røldal stavkyrkje representerer ein over 1000 år gamal historie, sa Lynghammer då NRK omtala skiltkampen i 2015.

Skilt i Rødal

GAMALT SKILT: Turistvert Oddbjørn Lynghammer poserer ved det gamle skiltet i Røldal, eit skilt han meiner ikkje gav turistane god nok informasjon.

Foto: Tale Hauso / NRK

Beklagar ventetida

Sjølv omtaler Vegvesenet at brune serviceskilt «gir opplysning om severdigheter, aktiviteter, friluftsliv m.m og retter seg mot turister og andre fritidsreisende».

Vegvesenet forklarar at dei har fleire skiltsaker enn dei klarar å handsame, og at det difor har teke lengre tid enn naudsynt i Røldal.

– Det handlar om prioriteringar. Sidan skiltet allereie viste veg til fasilitetane i Røldal, har me vald å ikkje prioritera akkurat denne saka. Så vart det liggande litt for lenge, erkjenner Jostein Vandaskog i Statens vegvesen.

Det nye skiltet bruker større plass og anna farge på å skilte til Røldal stavkyrkje, i tillegg er det kome opp serviceskilt som viser kor elbilistar kan få lade batteria.

Skiltet skulle eigentleg vore opp før sesongen, men eit par månadar til tok det før alt var klart.

– Vi er veldig nøgd med å endeleg få det på plass, avsluttar Vandaskog i Vegvesenet.

Skiltmontering i Røldal

BYTTE: Å skifte ut eit skilt langs E134 er ingen spøk.

Foto: Tale Hauso / NRK