Hopp til innhold

Vann pris for å ta vare på kulturlandskap

– Å vera bonde er jo ein livsstil, det er ikkje berre eit yrke, seier Ole Gjermund Digernes. Han jobbar stort sett heile dagen på garden sin på Stord og Bømlo, og no får han pris for jobben han har gjort.

Ole Gjermund Digernes

VANN PRIS: Ole Gjermund Digernes vann Kulturlandskapsprisen 2014 i Hordaland. Sauene seier han er god hjelp for å halde garden i stand.

Foto: Jan Rabben / Fylkesmannen i Hordaland

– Å først bli nominert, og så vinne, det tar eg som ei stor ære, seier Ole Gjermund Digernes.

Kulturlandskapsprisen 2014 i Hordaland vart i år delt ut for 19. gong, og gjekk til gardsbruket Ole Gjermund Digernes har på Digernes på Stord og Otterøy i Bømlo. Garden til Digernes konkurrerte mot 11 andre gardsbruk i Hordaland.

– Det er ei stor ære, for det er jo mange fine gardsbruk i Hordaland, seier han.

– Spesielt vakker

Digernes gard

GODT BEVART: På garden til Ole Gjermund Digernes på Stord er det flotte steinmurar å sjå.

Foto: Jan Rabben / Fylkesmannen i Hordaland

Prisen er på 50.000 kroner, og garden er Hordaland sin kandidat til den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2015. Temaet i år var kystgarden.

– Alle som var med frå kulturlandskapsgruppa hadde ei felles oppleving om at det var denne garden som måtte vinne i år, seier Åse Vaag som er landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Hordaland.

– Ole Gjermund Digernes har den mest perfekte og mangfaldige kystgarden. Garden er spesielt vakker og godt varetatt, både jord og bygningar, seier ho.

Og vinnaren seier seg einig i det Vaag seier.

– Det var mykje gode ord på ein gong, men det er vel eigentleg sant, flirer han.

(Saka held fram under bilete.)

Ole Gjermund Digernes sin gard

VELSTELTE BYGG: Då Åse Vaag besøkte garden til Digernes var ho imponert over at både bygg og jorda var velstelt.

Foto: Jan Rabben / Fylkesmannen i Hordaland

God hjelp av sauene

Digernes gard

HJELPER PÅ: Sauene på Digernes og på Otterøy er med på å halde landskapet på garden velstelt og fint.

Foto: Jan Rabben / Fylkesmannen i Hordaland

Digernes sin gard er delt, med garden på Digernes på Stord, og Otterøy på Bømlo eig bonden halvparten av. Der har han ein flokk med villsauer.

– Det er sauene både der ute, og her heime som gjer ein stor del ut av bevaringa av kulturlandskapet, seier Digernes.

– For meg er det viktig at det ikkje gror over med ugras, lauv og kratt. Sauene er med på å hjelpe, og så er det igjen med å produsere godt kjøt, seier han.

Han innrømmer at prisen gir inspirasjon, men på spørsmål om det blir meir arbeid framover er han litt usikker.

– Det veit eg ikkje, for eg jobbar vel eigentleg nok, seier han muntert.

SJÅ DRONEFILM FRÅ DIGERNES:

Kulturlandskapsprisen 2014 i Hordaland vart i år delt ut for 19. gong, og gjekk til gardsbruket Ole Gjermund Digernes har på Digernes og Otterøy på Stord. Garden til Digernes konkurrerte mot 11 andre gardsbruk i Hordaland.

SJÅ VIDEO: Dronefilm av Digernes. FOTO: Fylkesmannen i Hordaland / Lars Melkevik (Axenta AS) og Magne Langåker.

SJÅ DRONEFILM FRÅ OTTERØY:

Kulturlandskapsprisen 2014 i Hordaland vart i år delt ut for 19. gong, og gjekk til gardsbruket Ole Gjermund Digernes har på Digernes og Otterøy på Stord. Garden til Digernes konkurrerte mot 11 andre gardsbruk i Hordaland.

SJÅ VIDEO: Dronefilm av Otterøy. FOTO: Fylkesmannen i Hordaland / Lars Melkevik (Axenta AS) og Magne Langåker.