Hopp til innhold

Vann éin million: – Trudde det var aprilspøk

Bjarne Danielsen (39) skulle berre panta flaskene sine på en butikk i Bergen i går. Det han trudde var ein aprilspøk, viste seg å bli ein million ekstra på konto.

Lottomillionær Bjarne Danielsen

INGEN SPØK: Ein overraska Bjarne Danielsen saman med butikksjef på Meny Sletten Christian Svalland etter å ha vunne ein million kroner i pantelotteriet.

Foto: privat

– Eg skulle inn å gjera nokre ærend før eg skulle besøka mormora mi, og tenke at eg fekk no ta med desse flaskene, seier Danielsen.

På Meny Sletten i Bergen trykte han som så mange gonger før på knappen for pantelotteri.

– Eg trudde det var den vanlege lappen med «beklagar ingen gevinst» så kom ut.

Men det var det ikkje.

– Eg vart heilt skjelven og måtte med setta meg ned når eg såg alle nullane på lappen.

– Første tanken som slo meg var at det er 1. april, så det måtte jo vera ein spøk. Eg ringde nummeret som stod på lappen, og måtte få det bekrefta mange gonger før eg trudde på det.

– Skal betala ned gjeld

Danielsen arbeider som pilot, og har eit ganske stort studielån.

Han veit kva han skal bruka pengane på.

– Eg har ein god del gjeld å betala ned. Både bustadlån, studielån og gjeld til foreldra mine. Eg klarar meg, men dette er jo likevel utruleg flott.

I august i fjor vann ei 55 år gammal kvinne frå Bergen ein million i same Meny-butikken på Sletten.

– Eg skulle vera snill og gje pengar til Røde Kors, men enda opp med å bli millionær, sa den overraska vinnaren då.

– Svært gledeleg

Lotteriet har blitt ein av Røde Kors sine største inntektskjelder, og i 2015 fekk dei inn 30 millionar kroner frå ordninga.

1 689 622 kroner av desse gjekk til Hordaland Røde Kors.

– Det er helt utruleg at det er den same butikken, og veldig gledeleg at så mange vel å støtta det lokale humanitære arbeidet, seier dagleg leiar i Bergen Røde Kors, Marian Guddal Hansen.

For den overlykkelege bergensaren var det ikkje lett å overtyda nokon om genvinsten på aprilmånadens første dag.

– Nei det er jo klart at ingen trudde jo på meg, ler den fornøgde bergensaren.