Hopp til innhold

- Forvekslar kømålar med bompengeregistrering - folk øydelegg boksane

Statens Vegvesen er i ferd med å lage ferdig ei ny trafikkteneste på nett som målar kor det er mest kø. Men tenesta er ikkje ferdigutvikla fordi målarane blir vandaliserte.

Bilkø

MÅLAR KØ: Statens Vegvesen si nye teneste, Reisetider.no, skal hjelpe folk å oppdatere seg på kor køaene er. No blir måleutstyret vandalisert.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Det er nokon som har det veldig kjekt med å opne boksane og øydelegge det som er der., seier Jakob Vaage i Statens Vegvesen.

På nettstaden, Reisetider.no, tilbyr Statens Vegvesen ei teneste der ein kan oppdatere seg på korleis trafikkavviklinga er på utvalde strekningar i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.

Blir vandalisert

Jakob Vaage

JAKOB VAAGE: - Nokon har det veldig kjekt med å vandalisere boksane som målar trafikken, seier Vaage i Statens Vegvesen.

Foto: NRK

Informasjonen om kor bilistane kan forvente størst kø vert henta inn ved hjelp av antenner langs vegane. Desse registrerer passeringar av køyretøy med AutoPASS-brikker.

Statens Vegvesen er i ferdig med å lage ferdig tenesta, og i dag er det åtte strekningar i bergensområdet som blir målt.

– Håpet er jo å utivde tenesta, men vi blir stadig forsinka fordi folk øydelegg boksane som tel bilane, seier Vaage.

Trur det er bompengar

Vaage seier han trur vandaliseringa skjer fordi folk forvekslar måleboksane til Statens Vegvesen, med bompengeregistrering.

– Vi fryktar at folk trur boksanehar med bompengar å gjere, og at det er difor dei stadig blir øydelagt, fortel Vaage.

Vaage seier vidare at han håpar folk kan slutte med vandaliseringa slik at Statens Vegvesen kan ferdigutvikle tenesta.

– Eg håpar at med litt informasjon at folk sluttar med dette. Vi er ikkje interessert i å ta pengane til folk, dette er ei samfunnsnyttig teneste som er positiv for alle, seier Vaage.