SISTE: Då Venstre kryssa sperregrensa like over midnatt, sikra Venstre-nestleiar Terje Breivik plassen sin på Stortinget.
Då hadde han vore inn og ut i fleire timar.
Då dei førehandstalde stemmende var talde, låg Venstre an til å mista sitt mandat på Stortinget. I Hordaland får partiet berre 3,6 prosent av stemmene – ein tilbakegang på 1,3 prosent frå stortingsvalet i 2015.
Dermed låg ein av dei mest markante politikarane i støttepartiet til Solberg-regjeringa an til å forsvinna ut av Stortinget.
– Eg skal vera forsiktig med å seia noko så tidleg på kvelden. Men eg registrerer at me har lege lågare på ein del meiningsmålingar, så det er tydeleg at det er gjort ein god jobb, seier Breivik, som no er avhengig av at Venstre får eit utjamningsmandat i Hordaland.
Svak tilbakegang for Solberg
Erna Solberg an til å svekkja sin posisjon i Hordaland. I 2013 fekk partiet 31,3 prosent oppslutnad og sikra tre nye mandat på Stortinget.
Etter at fleire enn ein million stemmer er talde, ligg partiet an til å gå tilbake med 1,4 prosentpoeng til 29,9, men held likevel fast på sine seks mandat i Hordaland. Slik opptellinga står klokka 21, får Høgre utjamningsmandatet frå Hordaland.
Frp steler mandatet til Venstre
Prognosane når 42 prosent av stemmene er opptalt, viser at Frp med sine 16,3 prosent oppslutnad (+1,2) ligg an til å få inn tre mandat frå Hordaland.
Det betyr at bergensaren Torkil Åmland ligg an til å få plass på Stortinget. Han var statssekretær for arbeids- og sosialminister Robert Eriksson frå 2013 til og med 2015 og ligg så langt an til å få 15. mandatat frå Hordaland.
– Me kryssar fingrane for at me får tre mandat. Samstundes sjekkar eg mobilen stadig vekk for å sjå om KrF og Venstre klarar sperregrensa, seier 1. kandidat Helge André Njåstad til NRK klokka 21.30.
SV og Sp på offensiven i Hordaland
Både SV og Sp går fram i Hordaland, men partia ligg inne med berre eitt direktemandat kvar.
Med 6,5 prosent oppslutnad, har partileiar Audun Lysbakken likevel sikra eit monaleg betre stortingsval enn for fire år sidan, med ein framgang på 1,5 prosent.
- Jubel for Lysbakken:
Senterpartiet går fram med heile 3,7 prosentpoeng og får 8,1 prosent i Hordaland når 44 prosent av stemmene er talde.
– Eg er godt nøgd, men er spent på om me klarar å kapra eitt til, seier Kjersti Toppe.
Andrekandidat Nils T. Bjørke kjempar om det siste direktemandatet frå Hordaland, men når 46 av stemmene er talde er det Frp som har dette mandatet.