Hopp til innhold

Starta valkampen i eit burettslag

Arbeiderpartiet ligg dårleg an på målingane på Vestlandet. I ettermiddag rulla heile valkampmaskineriet til Ap inn i hagen til eit burettslag på Flaktveit i Bergen.

Vestlandet er det området der Arbeiderpartiet har dei største utfordringane ein månad før stortingsvalet.

Både i Rogaland og Hordaland slit partiet med å komma over 25 prosent.

Bekkjarkroken burettslag på Flaktveit i Åsane i Bergen fekk torsdag besøk av heile valkampmaskineriet til Arbeiderpartiet.

Her kom mellom anna forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, Eskil Pedersen, førstekandidat for Hordaland Per Rune Henriksen og sjefen sjølv, Jens Stoltenberg.

Vil bruke pengane på helse og skule

– Velkommen til grillfest, velkommen til byen der det alltid er sol, sa Jens Stoltenberg frå talarstolen, til latter frå dei frammøtte.

– Nokon spurte meg; kvifor skal folk i Bergen stemme Arbeiderpartiet? Jo, fordi folk her og elles på Vestlandet er tent med sosialdemokratisk politikk, held han fram.

– Folk er tent med ein politikk som seier at det er mykje viktigare med pengar til helse og eldreomsorg enn 25 milliardar i skattelette. At vi brukar pengane på å ruste opp den offentlege skulen framfor å privatisere skulen.

I blå Bergen har Arbeiderpartiet valt å starta valkampen i den valkretsen i Bergen der flest stemte Ap i 2009.

NRK oppdaterer saka