Hopp til innhold

Dette er den nye benken til Hordaland på Stortinget

Fem namn inn og fem namn ut. Desse 16 ligg an til representera Hordaland på Stortinget dei neste fire åra.

Terje Breivik på valgvake i Bergen

VIPPA INN: Nestleiar i Venstre Terje Breivik stod lenge i fare for å ryka ut av Stortinget. Eit ras av Venstre-stemmer frå Bergen sikra at Venstre kom over sperregrensa, og at Breivik dermed tok utjamningsmandatet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

NB! Saka er oppdatert 12. september 18.40. Venstre-nestleiar Terje Breivik fekk dei siste stemmene han trengde og blir Hordaland sin 15. representant på Stortinget Senterpartiet sin andrekandidat Nils T. Bjørke tek utjamningsmandatet.

Venstre kom over sperregrensa og gjorde dermed at nestleiar Terje Breivik kunne kjempa om utjamningsmandatet til Hordaland.

Men tysdag ettermiddag, 21 timar etter at vallokala stengde, sikra dei mange førehandsstemmene at Venstre fekk det siste direktemandatet frå Hordaland.

Det betyr at Frps Torkil Åmland mister plassen til Breivik, medan Nils T. Bjørke frå Senterpartiet tek utjamningsmandatet.

Partioppslutning i Hordaland

Med endring i prosentpoeng fra stortingsvalget 2013

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

RRødt

2,1
+1,2

SVSosialistisk Venstreparti

7,0
+2,1

APArbeiderpartiet

22,8
−2,0

SPSenterpartiet

7,6
+3,2

MDGMiljøpartiet De Grønne

3,5
+0,3

KRFKristelig Folkeparti

5,5
−2,2

VVenstre

4,4
−1,4

HHøyre

30,4
−0,9

FRPFremskrittspartiet

15,1
0,0

ANDREAndre

1,6
+0,1

Dei nye namna

Før oppteljinga er ferdig, ligg det an til fire nye namn som blir faste representantar frå Hordaland på Stortinget: Silje Hjemdal i Framstegspartiet, Eigil Knutsen i Arbeiderpartiet, Tom-Christer Nilsen i Høgre og Nils T. Bjørke i Senterpartiet. I tillegg blir Liv Kari Eskeland i Høgre fast vararepresentant for Erna Solberg.

Tysdag ettermiddag er ikkje alle stemmene talde, men alt tilseier at dei 15 direktemandata og det eine utjamningsmandatet i Hordaland er fordelte.

Frp og V kjempa om det siste mandatet

Kampen om det siste direktemandatet i Hordaland stod lenge mellom Torkil Åmland (Frp) og Terje Breivik (V). Med den siste oppdateringa som kom klokka 07:32 hadde Åmland dette mandatet, medan Breivik hadde Hordaland sitt utjamningsmandat.

Breivik mangla tysdag ettermiddag framleis drygt 20 stemmer på å få direktemandat. Til slutt sikra han mandatet med godt over 400 og dytta Åmland ut av tinget. Samstundes opna det vegen for mjølkebonden Bjørke frå Voss.

Lenge såg det ut til at mandatfordelinga ville bli identisk med utfallet i valet i 2013, men i staden mister Høgre eitt mandat til Senterpartiet.

Det gjer at Hordalandsbenken ser slik ut.

  • Høgre: 5
  • Arbeidarpartiet: 4
  • Framstegspartiet: 2
  • Senterpartiet: 2
  • Sosialistisk Venstreparti: 1
  • Kristeleg Folkeparti: 1

Mandatfordeling i Hordaland

Antall mandater med endring fra stortingsvalget i 2013

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

Rødt

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Sosialistisk Venstreparti

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Arbeiderpartiet

4 mandater
Ingen endring siden 2013

Senterpartiet

2 mandater
1 opp fra 2013

Miljøpartiet De Grønne

0 mandater
Ingen endring siden 2013

Kristelig Folkeparti

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Venstre

1 mandater
Ingen endring siden 2013

Høyre

5 mandater
1 ned fra 2013

Fremskrittspartiet

2 mandater
Ingen endring siden 2013

Det gir i så fall desse 16 representantane frå Hordaland på Stortinget:

Arbeidarpartiet

  • Magne Rommetveit. 61 år, 1.-kandidat.

Etter 16 år i ordførarstolen på Stord, blei Rommetveit valt inn på Stortinget i 2009. Han har sete som medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen i begge periodane.

Magne Rommetveit (Ap)
Foto: Terje Heiestad / Stortinget
  • Jette Christensen. 34 år, 2.-kandidat

Valt inn som vararepresentant i 2009, men stilte som fast representant for Per Rune Henriksen sidan 2010. Har sete som medlem i Kontrollkomiteen på Stortinget i to periodar.

Jette F. Christensen (Ap)
Foto: Terje Heiestad / Stortinget
  • Eigil Knutsen. 28 år, 3.-kandidat.

Første varakandidat frå Hordaland i perioden 2013–2017. Valt inn på Stortinget for første gong.

Eigil Knutsen
Foto: Arbeiderpartiet
  • Ruth Grung. 58 år, 4.-kandidat.

Valt inn på Stortinget i 2013. Medlem i Helse- og omsorgskomiteen. Tidlegare medlem i Bergen bystyre og gruppeleiar på fylkestinget.

Ruth-Mari Grung (Ap)
Foto: Terje Heiestad / Storinget

Framstegspartiet

  • Helge-Andre Njåstad. 37 år, 1.-kandidat.

Ordførar på Austevoll i ti år, frå 2003 til 2013. Leiar for Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget sidan 2013. Medlelm i Valkomiteen.

Helge André Njåstad (FRP)
Foto: Terje Heiestad
  • Silje Hjemdal. 33 år, 2.-kandidat.

Medlem og gruppeleiar i Bergen bystyre sidan 2011. Valt inn på Stortinget for første gong.

Silje Hjemdal (FRP)

Høgre

  • Erna Solberg. 56 år, 1.-kandidat.

Landets statsminister sidan 2013 og partileiar for Høgre sidan 2004. Valt inn på Stortinget sidan 1987. Kommunal- og regionminister i Bondevik-regjeringa i perioden 2001–2005. Sidan Solberg blir statsminister, blir Liv Kari Eskeland (sjå under) hennar vararepresentant på Stortinget.

Erna Solberg (H)
Foto: Jgo / Stortinget
  • Ove Trellevik. 52 år, 2.-kandidat.

Ordførar i Sund frå 2010–2013. Valt inn på Stortinget for første gong i 2013. Medlem i Næringskomiteen 2013–2017.

Ove Trellevik (H)
Foto: Terje Heiestad / Stortinget
  • Peter Christian Frølich. 29 år, 3.-kandidat.

Tidlegare medlem av Bergen bystyre. Valt inn på Stortinget for første gong i 2013. Medlem av Forsvarskomiteen.

Peter Christian Frølich (H)
Foto: Terje Heiestad / Stortinget
  • Torill Eidsheim. 47 år, 4.-kandidat.

Tidlegare medlem i Radøy kommunestyre og Hordaland fylkesting. Vararepresentant for Høgre i perioden 2009–2013. Valt inn for første gong i 2013. Medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

Torill Eidsheim (H)
Foto: Terje Heiestad / Stortinget
  • Tom-Christer Nilsen. 48 år, 5.-kandidat.

Fylkesordførar i Hordaland i perioden 2011–2015. Statssekretær for statsminister Erna Solberg og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen. Valt inn som representant for første gong.

Tom-Christer Nilsen (H)

PS: Med Erna Solberg som statsminister kjem Liv Kari Eskeland (52) frå Stord inn som vara. Ho har vore ordførar på Stord frå 2007-2015.

Liv Kari Eskeland (H)

Kristeleg Folkeparti

  • Knut Arild Hareide. 44 år, 1.-kandidat.

Partileiar sidan 2011 og fast stortingsrepresentant sidan 2009. Medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen og Valkomiteen.

Knut Arild Hareide (KrF)
Foto: Terje Heiestad / Stortinget

Senterpartiet

  • Kjersti Toppe. 49 år, 1.-kandidat.

Valt inn på Stortinget for første gong i 2009. Tok det siste direktemandatet med knappast mogleg margin i 2013. Har sete som 1. nestleiar i Helsekomiteen på Stortinget.

Kjersti Toppe (SP)
Foto: Terje Heiestad / Stortinget
  • Nils T. Bjørke. 58 år, 2.-kandidat.

Bakgrunn frå kommunestyret på Voss og fylkestinget i Hordaland. Tidlegare leiar i Noregs Bondelag. Innvalt på Stortinget for første gong. Kom inn på utjamningsmandat 21 timar etter at vallokala stengde.

Nils T. Bjørke (SP)

Sosialistisk Venstreparti

  • Audun Lysbakken. 39 år, 1.-kandidat.

Medlem i Kirke-, utdannings- og forskingskomiteen. Vald inn på Stortinget for første gong i 2001. Statsråd i Stoltenberg II-regjeringa. Partileiar sidan 2012.

Audun Lysbakken (SV)
Foto: Terje Heiestad / Stortinget

Venstre

  • Terje Breivik. 52 år, 1.-kandidat.

Terje Breivik (V)
Foto: Terje Heiestad / Stortinget

Nestleiar i Venstre. Medlem i Finanskomiteen. Vald inn på Stortinget for første gong i 2013.

Fem går ut

Fire representantar og ein vararepresentant frå Hordaland som i dag sit på Stortinget, går ut. Representantane Sigurd Hille og Øyvind Hallerakter i Høgre, Gjermund Hagesæter i FrP og Per Rune Henriksen i Arbeiderpartiet var ikkje på val eller aktuelle kandidatar. Det var heller ikkje Erik Skutle (H), som i dag er vararepresentant for Erna Solberg.

Dersom nokon frå parti som dannar regjering blir statsråd, statssekretær eller politisk rådgjevar, vil hordalandsbenken få inn vararepresentantar. Nilsen (H) er i dag statssekretær.