Hopp til innhold

Valdtektssikta vert varetektsfengsla i fire veker

Mannen (25) er sikta for valdtekt og valdtektsforsøk i Bergen. – Han erkjenner ikkje straffskuld, seier forsvarar Kaj Wigum.

Politiadvokat Inger Lise Høyland

REDD FOR GJENTAKING: Politiadvokat Inger Lise Høyland. Bilde er tatt i samband med ei anna sak.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Mannen (25) er sikta for å ha forsøkt å valdta ei kvinne (24) i Fosswinckels gate natt til fredag.

Han er også sikta for å ha fullbyrda ei valdtekt i Bergen nyleg, bekreftar politiadvokat Inger Lise Høyland til NRK.

– Natt til 24. juli blei ei kvinne valdteken i Bergen sentrum. Den sikta skal ha tatt kontakt med kvinna på gata om natta, og tatt ho med inn i ei leilegheit kor han truga ho til å ha seksuell omgang, seier Høyland.

Han blei i Bergen tingrett laurdag varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.

Sikta for episode i fjor

Siktinga omfattar også ein episode i juli i fjor, kor mannen skal kome med seksuelle tilnærmingar mot ei kvinne i Bergen sentrum. Han vart fengsla og pågrepe for dette ifjor, men det mangla bevis.

– Det kunne ikkje bevisast at det var eit valdtektsforsøk, men han er sikta for legemsfornærming, seksuell krenkande åtferd, og skremmande framferd, seier Høyland.

Høyland vil ha mannen varetektsfengsla i fire veker på bakgrunn av fare for gjentaking og fare for bevisforspeling.

– Han er ikkje tidlegare straffedømt, seier Høyland.

– Ikkje skuldig

Mannen (25) er asylsøkar, og av afrikansk opphav. Han seier seg ikkje skuldig i det han er sikta for, ifølge forsvarar Kaj Wigum.

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld for nokon av punkta i siktinga, seier Wigum til NRK.

Politiet vil undersøka om mannen kan knytast til fleire episodar.

– Me er framleis tidleg i etterforskinga. Me vil gjera ei rekke avhøyr av vitne til hendinga, og personar i kretsen rundt den sikta. Me har ransaka bustaden hans, og gjort kriminaltekniske undersøkingar.

– Me vil naturlegvis sjå om han kan knytast opp mot andre saker, men me har ingen konkrete mistankar så langt, seier Høyland.