Hopp til innhold

Valdstiltalt møtte ikkje i retten

Ein 28 år gamal mann møtte ikkje i retten då saka mot han skulle starta denne veka. Mannen er tiltalt for grov kroppsskade etter at han umotivert slo ned ein annan mann i Bergen i oktober i fjor. Offeret vart påført kraniebrot og fekk blødingar på begge sider av hjernen. Beate Hamre, som forsvarer den tiltalte, vil ikkje kommentera saka.