Hopp til innhold

Valdsoffer møter stengde dører på krisesenter om natta

FJELL (NRK): Valdsutsette menn og kvinner møter stengde dører om dei kjem til eit krisesenter på nattetid. Framleis står tolv norske krisesenter heilt utan folk på jobb delar av døgeret.

På krisesenteret i Fjell står romma klare til å ta i mot store og små i akutt krise.

STÅR KLART: Krisesenteret skal ta imot små og store i akutt krise, men om natta er døra ofte stengd.

Foto: Tone Berge / NRK

– Om det kjem ein brukar, vil han koma til låst dør. Krisesentera har ikkje pengar til å halda ope om kveldane og nettene, seier leiar i krisesentersekretariatet, Tove Smaadahl.

I fjor søkte 1806 vaksne og nær 1500 barn tilflukt på krisesenter i Noreg.

Men no rapporterer fleire krisesenter at det er vanskeleg å oppfylla alle krava til tryggleik når dei ikkje har folk på jobb om nettene.

En voldsutsatt kvinne kom direkte til krisesenteret, fordi hun hadde vært bruker av tilbudet tidligere. Hun hadde ikke hatt mulighet til å ringe i forkant fordi overgriperen hadde tatt fra henne telefonen. Takket være en nabo, fikk kvinnen et sted å overnatte til krisesenteret åpnet og ble bemannet neste morgen.

Rapport frå eit krisesenter

Eitt av desse er krisesenteret i Fjell kommune i Hordaland. Dei tilbyr hjelp til både menn og kvinner, men dei har ikkje alltid folk på jobb, fortel barnevernsleiar Bård Tyldum.

– Me har ei bakvaktsordning i barnevernstenesta som er tilgjengeleg både for krisesenteret og for barnevernstenesta. Den telefonen er døgnbemanna heile året, og bakvaktene rykkjer når det trengst, fortel han.

Treng ein krisesenteret i kommunen i helger, høgtider, ettermiddagar og kvelden, må ein ringja vakttelefonen.

Barnevernsleiar i Fjell, Bård Tyldum og Kjersti Hammersland, fagleiar krisesenteret i Fjel

FJELL: På krisesenteret i Fjell har dei ikkje folk på jobb døgnet rundt, men dei har alltid folk i bakvakt.

Foto: Tone Berge / NRK

– Vakttelefon er ikkje nok

Det er kommunane som har ansvaret for krisesentera. Dei er ikkje pålagde å vere opne heile døgnet, men fleire fagfolk meiner det burde vera slik.

Alle krisesenter skal ha eit nummer ein kan ringe, slik senteret Fjell har. Krisesentersekretariatet meiner ein også bør ha fysisk bemanning heile døgnet.

No etterlyser Tove Smaadahl i Krisesentersekretariatet meir pengar, slik at alle krisesentera kan ha nattevakter.

– Så lenge krisesentera ikkje har nok pengar til å ha folk på jobb heile døgnet, så er det ikkje lett å fylgja lova, seier ho.

Desse krisesentra har ikkje døgnbemanning

Senter

Døgntilbod kvinner

Døgntilbod menn

Fjell krisesenter

Nei

Nei

Betzy, Drammensregionens interkommunale krises

Ja

Nei

Krisesenteret for Orkdal og omegn

Ja

Nei

Krisesenteret for Tromsø og omegn

Ja

Nei

Krisesenteret i Gjøvik

Ja

Nei

Krisesenteret i Salten

Ja

Nei

Nord-Trøndelag krisesenter IKS

Ja

Nei

Sarpsborg krisesenter

Ja

Nei

Stiftelsen Eva krisesenter

Ja

Nei

Stiftelsen krisesenteret i Vestfold

Ja

Nei

Krisesenteret i Midt-Troms

Ja

Nei

Stiftelsen Vest-Agder Krisesenter

Ja

Nei

Ekspander/minimer faktaboks

– Dei som brukar eit krisesenter er ofte i akutt krise, og trusselbiletet kan vera uavklart. Difor krev sikkerheitsforskrifta at det skal vera døgnbemanning når det er brukarar på senteret, seier seksjonssjef i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Tove Bruusgaard.

[...] Kommunen må sørge for ordningar som sikrar at det er tilsette tilgjengeleg heile døgnet for å ivareta den fysiske tryggleiken for brukarar av krisesenteret.

§ 2 «Forskrift om fysisk sikkerheit i krisesentertilbodet»

Dårlegast tilbod til menn

Tove Smaadahl

TRENG FOLK PÅ JOBB: Tove Smaadahl i Krisesentersekretariatet ber politikarane sjå til at sentra kan halda ope dag og natt.

Foto: Eirik Tufteland Kroken

I 2017 hadde 40 av krisesentertilboda til kvinner folk på jobb heile døgnet. Fem senter hadde periodar der dei hadde bakvakt, men ikkje folk som var fysisk til stades på senteret. Eitt senter var heilt utan døgnbemanning.

22 av tilboda til menn var døgnbemanna, ni hadde bakvakt, medan heile tolv av krisesentertilboda for menn verken hadde bakvakt eller døgnbemanning.

Det er ikkje ideelt, meiner Bruusgaard, som helst skulle sett at alle sentera hadde folk på jobb dag og natt.

– Me ser at det kan vera økonomisk krevjande for små kommunar. Men samstundes tyder alt på at eit robust krisesenter er ei god investering som førebyggjer vald i nære relasjonar, og det veit me at løner seg.

Også Smaadahl i Krisesentersekretariatet sender utfordringa til lokalpolitikarane.

– Korleis skal me greia å få på plass alle tryggingstiltaka me er pålagde, om sentera ikkje treng å vera bemanna?

Tove Bruusgaard, seksjonsleiar i Bufdir

ØKONOMISK KREVJANDE: Tove Bruusgaard i Bufdir meiner at det er ei god investering å ha døgnopne krisesenter.

Foto: Tine Poppe/Bufdir