Hopp til innhold

Vald mot tre på jobb

I løpet av ein time rundt midnatt fekk politiet melding om tre valdsepisodar mot folk på jobb i Bergen. Ein mann vart pågripen i Olav Kyrres gate for å ha slått ein politimann til blods i ansiktet. Ein bussjåfør vart slått i ansiktet av ein passasjer på Blekenberg som stakk frå staden. Og i samband med ein slåsskamp på Fotballpuben vart ei dørvakt slått og tatt kvelartak på. Politiet pågreip to menn på 18 og 20 år som skal ha slått ca. 7 personar på utestaden.