Hopp til innhold

Væpna politiaksjon på Nesttun tysdag kveld

Fleire politipatruljer rykka i 19-tida tirsdag ut til Nesttun etter at ein forbipasserande observerte tre menn som heldt på å gøyma eit våpen. Tre menn i 20-, 30- og 40-årsalderen vart arrestert.

– Våpenet var kanskje ein replika eller eit luftgevær, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt. Det er oppretta sak, og dei tre skal avhøyrast i dag. Politiet heldt tilbake informasjon om aksjonen medan den pågjekk.