Væpna politiaksjon mot mann på jakt

Væpna politi rykte ut til skogsområde ved Os sentrum etter meldingar om markante smell. Det synte seg å vera ein mann som gjekk på jakt.

Politiaksjon Os

VÆPNA POLITI: Væpna politi rykte ut til eit skogsområde like ved Os sentrum.

Foto: John Nøstdal / NRK

Fleire politipatruljar rykte ved 19.20-tida ut til eit skogsområde ved Os sentrum utanfor Bergen, etter meldingar om fleire høge smell.

Då NRK var i kontakt med politiet klokka 19.30 hadde dei førebels ikkje sett noko.

– Vi er væpna. Også politipatruljen har høyrt smell, sa operasjonsleiar Janne Steimler Sætre.

Klokka 19.45 melde politiet på Twitter at dei har kome i kontakt med ein mann med hagle.

– Vi gjer vidare undersøkingar, skriev operasjonssentralen.

Dreiv lovleg jakt

Etter å ha snakka med mannen, syner det seg at mannen dreiv lovleg jakt i skogsområdet.

– Dette er ein mann som driv med lovleg skogsviltjakt med alle løyver i orden, seier Sætre.

Ho seier politiet hadde i bakhovudet at det kunne vera jakt då dei rykka ut. Likevel blei fleire patruljar sende til området.

– Når vi får meldingar om smell og det er folk i same område, må vi undersøkja. Det var heller ikkje veldig langt unna busetnad, seier Sætre.

– Er dette eit vanleg område å driva jakt i?

– Ja, det er visstnok det. Men eg forstår at folk lurar, seier Sætre.

– Hadde løyve frå grunneigar

Då NRK var på staden var politiet i ferd med å la jegeren gå tilbake til jakta.

Han var naturleg nok overraska over å få besøk av væpna politi i skogen, og stadfesta overfor NRK at han har alle løyve i orden, mellom anna frå grunneigaren i området.

Laster kart, vennligst vent...

SMELL I SKOGSOMRÅDE: Politiet rykte ut etter meldingar om fleire smell i eit skogsområde nær Os sentrum.