NRK Meny
Normal

Væpna politi arresterte sverdmann

Politiet tok ingen sjansar då ein forbipasserande melde frå om at ein mann gjekk rundt i Sandviken i Bergen med ein lang dolk over hovudet.

Meldinga kom inn i 12-tida og væpna politi rykte ut til staden, som ligg like ved Gamle Bergen.

Kort tid etter blei mannen arrestert utan dramatikk. Det viste seg at mannen bar på eit langt sverd.

Han skal vera i 30-åra og ein såkalla kjenning av politiet.

– Han skal ikkje ha trua eller skada nokon med sverdet, seier operasjonsleiar Terje Erichsen i Hordaland politidistrikt til NRK.no.

Politiet veit ikkje kva han skulle med sverdet, men håpar å få svar på det når mannen blir avhøyrt.

– Det er klart at dette har vore ei skremmande oppleving for dei som såg det. Dette er noko vi slår hardt ned på, seier Erichsen.

Mannen blir no meldt for å ha hatt ein farleg gjenstand på offentleg stad.

Siste video

Da Tony Martin syklet opp Fløyen grep politiet inn mot en tilskuer som kom for nærme.
Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.