Hopp til innhold

Stor væpna aksjon på Tertnes

Politiet fekk naudtelefon om mann med handvåpen. – Vi har ikkje funne nokon spor etter vedkomande, seier operasjonsleiar.

Væpna aksjon på Tertnes

Politiet ba folk å halde seg innandørs under den store væpna aksjonen på Tertnes i Bergen i dag.

Foto: Tips

Klokka 15.00 ringde ein person til politiet og fortalde at det hadde vore ein ukjent mann med våpen i huset.

– Slik innringaren skildra det skal det vere snakk om eit handvåpen. Det var bakgrunnen for at vi valde å rykke ut, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Så langt har dei ikkje funne nokre spor etter mannen med handvåpen, og klokka 16.30 seier politiet at dei ikkje vurderer situasjon som farleg.

Væpna aksjon, Tertnes
Foto: Tips

Barnehage i området

Naboar i området har fortalt NRK at dei har blitt bedt om å halde seg innandørs sidan politiet kom til nabolaget.

– Mellom anna ligg det ein barnehage midt i det aktuelle området, så vi ville ikkje ta nokon sjansar, forklarar Kolltveit.

Varslaren skildra mannen som rundt 180 cm høg med ein mørk hettegenser. Politiet ber publikum ta kontakt dersom dei har observert noko uvanleg i området.

Stor utrykking

Mange politibilar, sivilpolitibilar samt ein ambulanse rykka ut i aksjonen. Også politihelikopter skal ha blitt brukt i nabolaget, fortel naboar.

Like før halv seks seier politiet til NRK at dei er i ferd med å avslutte på staden, men at det er oppretta sak og det vil blir etterforska vidare.