Hopp til innhold

Væpna politiaksjon i Nygårdsparken i natt

Etter meldingar om noko som høyrdest ut som eit skot sende politiet væpna politipatruljar til Nygårdsparken. Ein mann blei pågripen og sitt no i varetekt.

Klokka 00.24 natt til søndag fekk politiet den første meldinga om bråk i Nygårdspaken. Meldinga gjekk ut på at det var mange folk samla i parken og at det var hissig stemning.

– Nokon oppfatta at det blei ropt noko om skyting, ikkje skyt eller liknande, og me fekk også melding om at nokon hadde høyrt ein lyd som dei trudde kom frå eit smell, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Hordaland politidistrikt.

Politiet sende fleire væpna politipatruljar til Nygårdsparken og fekk gode skildringar av det som kunne vera eit handvåpen og skildringar av mannen som hadde halde dette.

– Ein politimann la på sprang etter denne mannen i retning Møhlenpris og fekk arrestert han utan dramatikk, seier Rebnord.

Politiet har så langt ikkje funne noko våpen og har ikkje fått avklart om det blei fyrt av noko skot. Ut frå skildringane som blei gitt dreier det seg truleg om eit softgun.

Mannen som blei arrestert er starten av 20-åra. Han blei sett i varetekt i natt og vil bli avhøyrt i løpet av søndagen. Politiet fann narkotika på han og han vil bli politimeldt for dette og forholdet i Nygårdsparken i natt.