Hopp til innhold

Uvitande om kolesterolnivå

75 prosent av den voksne befolkninga i Norge har høgare kolesterol enn tilrådd.

Video Uvitende om kolesterol

I følge tal frå Nasjonalforeningen for folkehelsen veit 60% av folk i Norge ikkje kva kolesterolnivå dei har, og 75% har høgare kolesterol enn tilrådd.

Trur dei i faresona går forbi

Kø for å testa kolesterolet

Kø for å testa kolesterolet på Festplassen i dag.

Foto: Samina Bruket / NRK

På Festplassen var det lang kø for å få sjekka kolesterolet i dag, dei aller fleste tilhøyrte den eldre garde. Ei av dei som hadde møtt opp saman med ei venninne var Magni Nordstrand.

- Vi såg det i avisa, også hadde vi lyst å vita korleis nivåa våre er, seier Nordstrand til NRK med eit smil om munnen før testen skal tas.

Rådgjevar i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Øyvind Kristensen, trur dei som treng det mest går forbi.

- Dei tør ikkje å testa seg, dei som har høgast sjanse for å ha høgt nivå, seier han.

- Under 5 er bra

I mellomtida testar Nordstrand seg. Etter eit lite stikk i fingeren må ein venta i tre minuttar, så er kolesterolnivået målt. 6,7 var nivået Nordstrand fekk.

- Det er litt høgt, så då vil eg at du skal sjekka det med fastlegen din, seier Kristensen til Nordstrand.

Under 5 er gunstig kolesterolnivå. Ein får høgare kolesterol av metta fett som ein finn i kjøt- og meieriprodukt.

- Her i Norge et ein H-mjølk, kvitost, brunost og salami som inneheld mykje kolesterol, samt pølser og kjøt, informerer Kristensen.

Måling av kolesterol i blodet.

Det tek tre minutt å måla kolesterolet med dette apparatet.

Foto: Samina Bruket / NRK

Ikkje berre for eldre

Dei fleste som ville testa seg på Festplassen i dag var eldre. Men det er ikkje berre eldre som bør testa seg, seier Kristensen.

- Når ein kjem i 30-åra bør ein vita om kolesterolnivået er høgt eller lågt.