NRK Meny

Utviste studentar får plass på UiB og UiO

Å kjempa for menneskerettar og demokrati er gyldig grunn for utvisning i mange land. No skal universiteta i Noreg ta utviste studentar inn i varmen.

Johanne Vaage

JOHANNE VAAGLAND: Leiar i SAIH Bergen er ein av initiativtakarane for å få prosjektet, Students At Risk, til universiteta i Noreg.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Artikkelen er flere år gammel.

Prosjektet Students At Risk skal gje studentar som er utvist på grunn av politisk aktivisme moglegheita til å fullføre utdanninga si i Noreg.

– Vi har jobba lenge for å få dette gjennom, seier leiar i Studentene og Akademikerenes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) i Bergen, Johanne Vaagland.

– Eit livsviktig prosjekt

Det er fleire hundre studentar som bli utvist frå skulen kvart år. I Zimbabwe vart 130 studentar utvist frå universitetet i 2012. Og grunnen er enkel seier Vaagland.

– Det er ein enkel, men grufull måte å halde studentaktivismen nede på. Å utvise studentane er det mest effektive dei kan gjer. Dette prosjektet er livsviktig, seier ho.

Vaage seier det er SAIH, saman med Studentparlamentet som har gått i spissen for å få gjennomslag for prosjektet.

Bjørn Kristian Danbolt, leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, seier at han har kjempa hardt for å innføre prosjektet på UiB.

– No får vi sjansen til å vise ei form for internasjonal solidaritet og strekkje ut ei hand til nokon som treng det, seier Danbolt.

20 studentar får plass

I utgangspunktet er prosjektet eir prøveprosjekt. Dersom alt går etter planen vil Universitetet i Oslo og Bergen ta i mot 20 utanlandske studentar som er utvist i eige heimland på grunn av politisk aktivisme.

– Det er ressurssterke studentar vi kjem til å ta i mot. Dei må kunne engelsk og vi skal sjølvsagt prøve å tilrettelegge for at den utdanninga dei tek i Noreg skal vere gjeldande i heimlandet, fortel Danbolt.

Dei studentane som får plass ved eit universitet i Noreg vil få tilbod om anten ei bachelorgrad eller ei mastergrad.

Brei politisk einighet

Alf Rasmussen

ALF RASMUSSEN: Leiar i SIU seier han er glad for å vere med å administrere prosjektet.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Leiaren i SAIH fortel at det ikkje var vanskeleg å få gjennomslag for prosjektet. Utenriksdepartementet har løyvd 23,5 millionar kroner til prøveprosjektet. Det var brei politisk einighet for prosjektet, seier Vaage.

– Eg trur det var mange som skjøna at dette var ein god moglegheit til å gjere noko bra for andre studentar, seier Vaage.

Etter planen skal prosjektet administrerast av Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU). Det er SIU som skal vurdera kven som skal få plass på universiteta i Noreg, fortel Alf Rasmussen, direktør i SIU.

– Vi kjem til å vurdera alle søknadane og sjå kor i Noreg studentane eventuelt passar inn og kva universitet som har dei mest relevante faga for kvar student, seier Rasmussen.

Håpar på fleire plassar

Ved at studentar får moglegheit til å fullføre universitetsgrada si i Noreg, kan dei reise tilbake til heimlandet og fortsette å kjempa for demokrati og menneskerettar, fortel Vaage.

– Når dei kjem tilbake etter enda utdannin vil dei stille mykje sterkare i kampen for demokrati. No berre håpar eg at prosjektet vil vare og at vi kan ta i mot fleire studentar i åra framover, seier ho.

Siste video

SE VIDEO: Hunden Viggo trener ved Fjellanger hundeskole på Lysekloster i Os. Han skal lære å snuse på pusteprøver fra pasienter og kjenne igjen lukten av kreft.
Døpes i Tromsø