Hopp til innhold

Utviklingshemma må droppa eller korta ned sommarferiane sine

Skjerpa bemanningskrav på turar kostar dyrt for mange utviklingshemma i Bergen. Og neste år kan feriane bli endå vanskelegare å gjennomføra.

Ole Daniel Virkesdal

SLUTT TIL NESTE ÅR: Til neste år kan det bli slutt på at Bergen kommune brukar pengar på ferieturar til dei utviklingshemma. – I forhold til prioriteringane, så meiner eg det, ja, for det er ikkje ein lovpålagd teneste, seier etatsleiar Ole-Daniel Virkesdal.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det blei store protestar då om lag hundre psykisk utviklingshemma i Bergen i vinter fekk beskjed om at sommarferieturane deira ikkje kunne gjennomførast.

Men så snudde byrådet, og sa at dei likevel skulle få lov til å reisa på ferie. Men helse- og sosialbyråd Rebekka Ljosland (KrF) var samstundes tydeleg på at reisene måtte vera «fagleg forsvarlege» bemanningsmessig.

Dette fører no til at enkelte må droppa eller korta ned feriane, ifølgje leiar i Norsk forbund for utviklingshemma i Bergen, Kari Elster Moen.

– Det er ganske mange som ikkje har kunna søka, fordi krava har blitt strengare. For andre har talet på dagar blitt kutta ned, fordi pengane ikkje strekk til. Det blir i praksis mindre ferie, seier ho.

Må ha med fleire

Medan kommunen betalar løna for dei tilsette som blir med når bebuarar ved bufellesskapa drar på ferie, er det familien til kvar enkelt brukar som må betala reise og opphald for dei.

Og når kravet til bemanning aukar, blir det dyrt for somme. Leiarar ved fleire bufellesskap fortel NRK om bebuarar som må korta ned feriane.

– Fleire av dei som reiser, må reisa med éin meir i personalet enn før, for å få det lovleg. Så det er godt mogeleg at brukarar ikkje kan ha råd til å reisa, seier etatsleiar Ole Daniel Virkesdal i Bergen kommune.

Kari Elster Moen

SPENT: – Vi er veldig spente på framtida. Innstramminga har gitt ein tap/tap-situasjon, medan vi før hadde ein vinn/vinn-situasjon, seier leiar i Norsk forbund for utviklingshemma i Bergen, Kari Elster Moen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Brukar ikkje ti millionar

Virkesdal viste både til pengemangel og turnuskrava i arbeidsmiljølova som årsak til feriekutt-framlegget tidlegare i år.

Byråd Ljosland lova etter kvart inntil ti millionar kroner ekstra på etatens budsjett for å behalda ferietilbodet i alle fall i år.

Hittil har Virkesdal fått 60 feriesøknadar med turnusplanar frå bufellesskapa. Søknadane blir godkjende av han dersom leiarane ved bufellesskapa går god for turnusplanane.

Fristen går ut 1. mai. Men sjølv om Virkesdal ikkje har fått signal om det, tyder mykje på at bemanningskrava har gjort at fleire får mindre ferie i år.

Virkesdal seier dei ti millionane Ljosland lova, ikkje vil bli brukt opp.

– Det blir eit langt lågare beløp.

– Veldig spente på framtida

Bergen har brukt meir pengar på slike feriar enn dei fleste kommunar, men neste år kan det bli slutt på det.

– Å reisa på ferie er svært verdifullt for dei aller fleste, men det er ein samfunnsdebatt og ein politisk debatt om vi skal bruka pengar på det, seier Virkesdal, som påpeiker at det innanfor eit stramt budsjett er vanskeleg å prioritera dei ikkje-lovpålagde ferieturane.

– Vi er veldig spente på framtida. Innstramminga har gitt ein tap/tap-situasjon, medan vi før hadde ein vinn/vinn-situasjon. Eit ferieavbrekk kan føra til mindre utagering, noko som kan gi færre sjukmeldingar i personalet, og ein betre situasjon totalt sett, meiner Moen i Norsk forbund for utviklingshemma.