Hopp til innhold

Utviklingshemma får ikkje lenger trena

Byrådet i Bergen seier dei har styrka løyvingane til utviklingshemma. Samtidig kuttar bufellesskapa stillingar og utviklingshemma mistar treningstilbod.

Unni Leegaard og Elin Leegaard Marøy.

MISTA TILBOD: Elin Leegaard Marøy (t.h.) får ikkje lenger dra på treningsstudio med følgjeperson frå bufellesskapet. – Helsegevinsten var stor, seier mor Unni Leegaard.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– I mars tok dei frå meg tilbodet om treningsstudio. Det blei nedskjering og mindre folk på jobb. Det er ikkje bra.

– Har hatt stor helsegevinst

Som mange andre med Downs syndrom er 42 år gamle Elin Leegaard Marøy operert for hjartefeil, og ho har hatt problem med trøystespising og overvekt.

– Det å halda seg i form er veldig viktig. Det merkar eg i heile kroppen, seier ho til TV BRA, ein nett -tv-kanal av og for menneske med utviklingshemming.

I nesten ti år har Elin trent to dagar i veka på treningsstudio. Ein frå personalet i bufellesskapet hennar har følgt henne dit.

No er det slutt.

– Veldig beklageleg. No blir det meir tilfeldig, i snitt to gonger i månaden, seier faren Karl Marøy.

Mora Unni Leegaard seier helsegevinsten er stor.

Elin Leegaard Marøy trener på treningsstudio

STOLT OG SPREK: Elin har trent vekter og andre apparat i nesten ti år, men sidan mars får ho ikkje kommunal hjelp til å dra på treningsstudio.

Foto: Privat

– Med denne treninga har ho kome i utruleg god form og tatt av omtrent 20 kilo. Og ho er så lukkeleg og stolt når ho trenar.

Omorganisering

– Dette er ein del av den store omorganiseringa me gjer i vår etat, seier resultateiningsleiar for alle bufellesskapa i Ytrebygda bydel, Cathrine B. Risan.

– Me ser på kva tenester me gir som er lovbestemt eller ikkje. For Elin betyr det kutt i tilbodet, seier ho.

Mamma Unni Leegaard er skremd.

– Det som no skjer i Bergen rammar mange. Utviklingshemma får ein fattigare kvardag og personalet ein tøffare kvardag. «Smart omsorg» er ikkje så smart for Elin.

Byråd: – Må vera likt for alle

Helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) seier dei gjennomgår tidsbruk og organisering for å få mest mogleg brukarretta tid og rettferdig fordeling av ressursane.

– Med ein slik gjennomgang vil nokon få redusert tenestetilbod. Viss alle i same situasjon skulle fått tilsvarande tilbod, ville det kosta mange millionar kroner.

– Skal alle få likt tilbod sjølv om dei har ulike føresetnadar og ønske?

– Det er viktig å gi likeverdige tenester til alle brukarane. Det er heilt klart at me ser på dei individuelle behova, men tilbod om treningssenter er ikkje vanleg. Her må det vera likt for alle, seier Risan.

Cathrine B. Risan

FÆRRE TILSETTE: – Me må redusera bemanninga i år, og kan då berre yta lovpålagde tenester, seier Cathrine B. Risan, resultateiningsleiar for bufellesskapa i Ytrebygda bydel.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Høgre: – Uhøyrt

Risan seier at Elin er saman med dei andre brukarane og får tilbod om tur kvar einaste dag.

– Det er heilt feil å kalla det trening. Det er rusletur saman med rullestolbrukarar, seier Elin.

Dette reagerer også Jana Midelfart Hoff i Bergen Høgre sterkt på.

– Det er nesten uhøyrt. Psykisk utviklingshemma har helseutfordringar, og får ofte livsstilssjukdommar tidleg. At Elin plutseleg mistar det helsefremjande og integrerande treningstilbodet, forstår eg ikkje korleis heng saman med ei auka satsing.

Vigdis Anita Gåskjenn

MEIR PENGAR: Helsebyråd Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) seier tenester til utviklingshemma får 24 millionar kroner meir i år, men at nokon mistar tenestetilbod.

Foto: Magne Sandnes / Bergen kommune

For byrådet seier dei i 2017 har auka løyvingane til utviklingshemma med 24 millionar kroner.

– At utviklingshemma får eit godt tilbod er veldig viktig for byrådet og for meg, seier byråd Gåskjenn.

– Då er det merkeleg at me stadig får meldingar frå pårørande og dels frå tilsette om at kvardagen i bufellesskapa er forverra, seier Jana Midelfart Hoff.

Færre tilsette

Resultateiningsleiar Risan stadfestar at bufellesskapa har måtta kutta stillingar i år.

– Når ein reduserer bemanninga i bufellesskapa, er det klart me ikkje lenger kan yta noko utover dei lovpålagde tenestene.

Elin Leegaard Marøy

LANGE DAGAR: – Det blir for mykje åleinetid, meiner Elin Leegaard Marøy. Omorganisering og nedbemanning gjer at ho ikkje får følgjeperson med på treningsstudio.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Helsebyråd Gåskjenn seier dei prioriterer å bygga nye bustader til dei hundre som står på venteliste, og fleire dagsenterplass med gode aktivitetar som gir meiningsfulle kvardagar.

Elins mor er oppgitt.

– Dei som bur i bufellesskapa må vera med og betala rekninga ved å få eit dårlegare tilbod.