NRK Meny
Normal

Ida Marie har alltid stått utanfor arbeidslivet. No har ho fått fast jobb

BERGEN (NRK): Nytt prosjekt skal få 1000 utviklingshemma inn i arbeidslivet. No får dei millionar frå regjeringa.

Ida Marie Fjærestrand på kjøkkenet

GLAD: Ida Marie Fjærestrand og Vegard Vikne har fått fast jobb på Scandic Bergen City gjennom SOR-prosjektet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det er utruleg viktig å føla at du er til nytte i samfunnet, spesielt når du er utviklingshemma, seier Ida Marie Fjærestrand.

Ho har fått fast jobb på eit hotell i Bergen gjennom prosjektet «Helt med», som tar sikte på å få utviklingshemma ut i det ordinære arbeidslivet. Fjærestrand meiner at ho ikkje kunne funne ein betre plass å jobba.

– Før blei eg passert på sida, men no får eg visa kva eg er god for. Folka her er så positive, så eg føler ikkje at eg går i vegen for dei.

Åtte har fått jobb, målet er 1000

Prosjektet er starta av stiftinga Samordningsrådet (SOR), kor Jarle Eknes er dagleg leiar. Han fortel at stiftinga driv med headhunting blant dei mest motiverte personane med utviklingshemming.

Jarle Eknes i SOR

HEADHUNTAR: Jarle Eknes meiner at mange utviklingshemma kan bidra godt i det ordinære arbeidslivet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Det er veldig mange med utviklingshemming som kan bidra godt i det ordinære arbeidslivet.

No har åtte unge menneske har allereie fått fast jobb i Scandic-kjeda gjennom prosjektet, på ulike hotell i Bergen.

– Me har ein ambisjon om å skaffa arbeidsplassar til 1000 personar med utviklingshemming ila ti år. Så dette er berre ein byrjing.

– Fleire fortener ein sjanse

Helge André Njåstad (Frp) og Ole Trellevik (H) besøkte nyleg hotellet kor Ida Marie Fjærestrand jobbar, og dei kom med ei gledeleg nyheit.

«Helt med» skal få 3,4 millionar for å fortsetja arbeidet dei neste tre åra, sånn at modellen kan bli brukt endå fleire plassar.

– Midla går ikkje til bedriftene, men til oppfølging og drift av sjølve prosjektet. Dette er noko som bedriftene sjølv må ønska å bidra med, seier Trollevik.

Ida Marie Fjærestrand synest det er fantastisk at prosjektet no får statleg støtte,

– Fleire fortener å få den sjansen som eg har fått.

Ida Marie Fjærestrand og stortingspolitikarar

MILLIONSTØTTE: Ida Marie Fjærestrand når ho får høyra at prosjektet «Helt med» skal få 3,4 millionar kroner i statleg støtte.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Nødvendig bindeledd

– At personar med utviklingshemming skal kunna gå inn i det ordinære arbeidslivet har vore eit politisk mål i tiår, seier Thomas Owren, stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet.

Han tar doktorgrad i emnet, og meiner at det er nødvendig med bindeledd som «Helt med».

– Veldig mange ønsker å tilsetta personar med utviklingshemming, men det er viktig å legga til rette for både arbeidsgivar og arbeidstakar.

Owren nemner tre nøkkelpunkt som kan gjera eit slikt prosjekt vellykka:

– Visst ein klarer dette, så trur eg arbeidsgivar kan få ein veldig lojal, stabil og entusiastisk arbeidskraft, seier Owren.

Ida Marie Fjærestrand meiner at ho fungerer bra når ho kjem inn i ein spesiell rutine, og det ikkje blir altfor mykje stress.

– Nokre gonger kan det vera stressande, men dei er heldigvis flinke til å skjerma meg frå det verste.

Thomas Owren, stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet

TAR DOKTORGRAD: Thomas Owren meiner at eit bindeledd som «Helt med» er nødvendig for å lykkast.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.