Hopp til innhold

Utvidar skuldingane mot tenåring

Skuldingane mot den no 18 år gamle mannen som slo ned fleire forbipasserande i Bergen sentrum i januar, tel no 15 punkt. – Me vurderer å legga bort eitt av voldstilfella frå Bergen sentrum. Samstundes er valden mot Vidar Helland oppjustert i grovleik og gjeld no grov kroppsskade, seier politiadvokat Alexander Gonzalo Sele til BT. Helland blei slått ned og er i dag sterkt redusert som følgjer av overfallet.