Hopp til innhold

Utstillinga skal gjera andre opne om kreft

Som niåring mista ho mora då ho tapte kampen mot brystkreft, men då var det tabu å snakke høgt om det. No opnar ho ei utstilling om å oppleve kreft hos ein nær slektning.

Som niåring mista Torill Sæther Krekke mora då ho fekk brystkreft, men det var det tabu å snakke høgt om. No opnar ho ei utstilling om å oppleve kreft hos ein nær slektning.

UTSTILLING: Torill Sæther Krekke opnar no ei utstilling om opplevingane ho hadde som niåring då mor hennar tapte kampen mot brystkreften. No ynskjer ho at ein skal vera meir open og snakke om kreft, også med barn.

Torill Sæther Krekke

TABU: Det er tabu å snakke om kreft meiner Torill Sæther Krekke. No opnar ho utstilling om sine eigne opplevingar rundt kreft, og håpar at dette kan føre til at fleire vert meir opne om kreft.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Utstillinga blir veldig kronologisk fordi eg rett og slett byrjar med kjærleiken, fortset med sjukdomsutviklinga, og så avsluttar eg med døden, seier ho.

Bileta som vert hengt opp på veggane formidlar ei forteljing ut frå hennar eigne erfaringar, frå den gong ho var ni år gamal. Dei fortel om korleis ni år gamle auge ser på kreft.

– Dette er kreftsvulsten, og den illustrerer spreiinga, seier Torill Sæther Krekke medan ho viser fram eit bilete.

– Veldig tabu

Den gangen mor til Torill tapte kampen mot brystkreften var det få som ville snakke høgt om det, og ho fekk ikkje sørgje før mange år seinare.

Difor vil kunstnaren no bruke kunsten til opne om kreften, og det også for barn.

– Eg mista eigentleg mamma frå ein dag til ein annan, utan at det vart snakka noko særleg om det etterpå, seier Torill Sæther Krekke.

– Det var veldig tabu, både kreft og død, så det er noko eg er brennande engasjert i også i dag. Eg meiner dette må mykje meir inn i skulen, dette med å vera open for pårørande, og spesielt for barn for at dei ikkje skal bli sjuke seinare i livet, seier ho.

– Fantasien tar over

Randi Værholm

VER OPEN: Randi Værholm i Kreftforeningen meiner barn som opplever kreft i nære relasjonar brukar fantasien om det ikkje vert snakka om temaet. – Fantasien kan ofte vera verre enn verkelegheita, seier ho.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Utstillinga opnar i Bergen torsdag kveld, og Kreftforeningen arrangerer også ein eigen dag for barn fordi dei meiner barn bør få snakke om sjukdom og om døden.

– Det finst alltid informasjon, enten ein snakkar med barna eller ei. Om ein ikkje snakkar med barna må dei finne ut av informasjonen og tolke den sjølv, seier sjukepleiarkonsulent i Kreftforeningen, Randi Værholm.

– Då er det ofte fantasien som tar over, og fantasien kan ofte vera verre enn verkelegheita, seier ho.

Historia om barndommen til Torill Sæther Krekke skal stå i Bergen ut januar, før den skal reise rundt i heile Noreg.

Bilete av Torill Sæther Krekke

OM KREFT: Torill Sæther Krekke har brukt eigne erfaringar frå då ho mista mor si i utstillinga ho no opnar i Bergen.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK