NRK Meny
Normal

Brør skrivne ut frå sjukehuset etter knivstikking

To av dei tre brørne som blei knivstukke fredag, er utskrivne frå sjukehus. Mannen som er sikta blir avhøyrt av politiet laurdag.

Knivstikking i Løvåsen i Fyllingsdalen

TRE BRØR KNIVSTUKKE: Éin mann i tjueåra er sikta for å ha knivstukke sine tre brør i ein bustad i Fyllingsdalen fredag.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Han sit i avhøyr hjå politiet no, seier politiadvokat Johan Sørland ved Hordaland politidistrikt til NRK.

Det var fredag ettermiddag at vepna politi rykka ut til til ei bustadblokk i Fyllingsdalen etter melding om knivstikking. Tre brør vart sendt til Haukeland universitetssjukehus med knivskadar.

Den antekne gjerningsmannen er bror til dei tre skadde.

Ingen motiv

Høyblokk

BLODSØL: Knivstikkinga skal ha skjedd i ein leilegheit i denne blokken. Politiet fant blodsøl i heisoppgangen.

Foto: Britt Kristin Ese

Politiet har avhøyrt to av dei tre brørne som vart knivstukket fredag, men politiet har førebels ikkje fått klarheit i kva som var årsaka til hendinga.

– Dei to som er avhøyrt har ikkje kome med noko god forklaring på årsaka til hendinga, heller ikkje hendingsgangen. Det me veit er at det var ein krangel mellom dei fire brørne, der den eine enda med å trekke kniv, seier Sørland.

Etter planen skal den siste personen skrivast ut frå sjukehus laurdag.

– Me har fått beskjed om at også han kan avhøyrast i dag. Me håpar å få betre oversikt over kva som har skjedd i avhøyr med han. Det er han som har fått påført dei største skadane, seier politiadvokaten.

Sikta i avhøyr

Den antekne gjerningsmannen sit laurdag i avhøyr hjå politiet Mannens forsvarar, Gisle Didriksen, snakka med klienten sin via tolk laurdag ettermiddag.

– Det var ei heilt kort samtale. Eg skal snakke med han igjen når han er ferdig i avhøyr. Det er for tidleg korleis han stiller seg til spørsmålet om straffeskuld, seier Didriksen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Steffen Lie Skålevik etter 2-2 mot Tromsdalen