NRK Meny
Normal

Utsett leitinga etter Agnar (74)

Politiet utsett leitinga etter sakna Agnar Ingemar Holtås til over helga. – Det har vore ei utfordring å få nokon til stille på kort varsel på sommartid, seier Tore Salvesen

Leter

I ei veke har leiteaksjonen gått føre seg med store ressursar. Meir enn 100 personar har vore med å leita etter 74-åringen som har vore sakna sidan laurdag.

Agnar Ingemar Holtås (74) blei meldt sakna etter at han forsvann frå bustaden sin i Mathopen førre laurdag. Så langt har søk etter 74-åringen vore resultatlaust, men politiet held fram med leitinga etter Holtås over helga.

LES OGSÅ: Sakna i tre døgn og framleis ingen nye spor

Må utsette søk

Agnar

SAKNA: Agnar Ingemar Holtås (74) har vore sakna frå området Mathopen i ei veke.

I ei veke har leiteaksjonen gått føre seg med store ressursar. Meir enn 100 personar har vore med å leita etter 74-åringen, og leitegruppene har vore delt inn teiger der Holtås pleiar å gå tur, ikkje langt frå bustaden hans i Mathopen.

Mange frivillige og kjende av den sakna har bidratt. I tillegg har Brannvesenets klatregruppe, Røde Kors, Sivilforsvaret, Norsk Folkehjelp, redningshundar, politiets hundar vore med i leitearbeidet.

– Me har ikkje nye område å søke i helga, så difor har me valt å vente til over helga då me kan gjennomføre søk i vatn, seier Salvesen.

Skal søke i sjøen

Det umiddelbare søket er avslutta, og det var planlagt å gjennomføre søk i sjøen torsdag denne veka. Dette vert utsett til over helga, seier Salvesen.

– Det er eit lokalt firma i Kristiansand som skal utføre sjøsøket, mest truleg på måndag. Det har vist seg å vere vanskeleg å få nokon til å stille på kort varsel, difor utsett me søket til over helga, seier Salvesen.

Dersom sjøsøkene ikkje fører til resultat vil det bli gjort søk i vatn og tjern. Dersom også dette er utan resultat vil politiet vurdere vidare søk, seier Salvesen.

Politiet ønskjer framleis tips og ved observasjon av vedkommande kan ein ringja politiet på 02800.

Agnar Ingemar Holtås er 174 cm høg og har normal kroppsbygning. Han er skalla med litt grått hår på sidene.

Han snakkar vestlandsdialekt og var iført beige bukser og gul skjorte då han forsvann frå sitt heim.

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.