Hopp til innhold

Utset stenginga av Nygårdsparken

Politiet synest det er ein dårleg idé å stengje den største opne russcena i landet midt på sommaren.

Politiet i Nygårdsparken

FÅR FRED TIL 25. AUGUST: Narkomiljøet i Nygårdsparken i Bergen blir rekna som ei av dei sørste russcenene i Europa. Frå slutten av august er det slutt.

Foto: Jan Inge Ebbesvik / NRK

– Det var ein dårleg idé å starte frå 1. juli. Vi må ha på plass eit heilheitleg opplegg før parken stengjer. Og det var ganske komplisert, slik vi ser det, å få på plass fram til 1. juli, seier politiinspektør Gunnar Fløistad.

Etter råd frå mellom anna politiet i Bergen, utset kommunen stenginga av Nygårdsparken med to månader.

Pusse opp og hive ut narkomiljøet

Den ærverdige parken i Bergen har sidan 1970-talet vore kjend for openlys narkohandel. I fjor haust hadde miljøet eskalert, og naboane krevde handling. Sosialbyråd Dag Inge Ulstein svara 18. september med bodskapen om ei total opprusting av parken som skulle starte 1. juli i år. Ei oppussing av området som skal få narkomiljøet vekk frå området.

– Det er heilt uaktuelt at miljøet kjem attende etter at opprustinga er ferdig, sa Ulstein.

Men etter kunngjeringa har debatten rasa. Bergensarane fryktar meir narkotikabruk, meir kriminalitet og at narkomiljøet spreier seg rundt i byen.

LES OGSÅ: Vil ha dagravner når Nygårdsparken stengjer | – Kan bli katastrofalt å berre stenge parken | – Utopi å tru at samfunnet kan bli narkofritt

Ny dato: 25. august

Men 1. juli blei for optimistisk. Politiet og andre aktørar som er med i koordineringa av arbeidet, ber om meir tid. Politiet skal mellom anna få på plass ei eiga gruppe av politifolk og jurist, som utelukkande skal arbeide for å hindre at rusmiljø etablerer seg andre stader i sentrum.

– Dette skjer heilt i tråd med dei faglege råda frå koordineringsgruppa, og dei som har jobba med saksfeltet over tid. Vi synes det er fornuftig at stenginga skjer etter at mottakssentera har vore i drift ei stund. Det er tverrfagleg semje om at det er den måten vi må gå fram på før vi kan gå til dette skrittet vi skal i august, seier politiinspektør Fløistad.

Den nye datoen er 25. august 2014. Då er det ingen veg tilbake, skal vi tru sosialbyråden.

Dag Inge Ulstein

GÅR MED PÅ UTSETJING: Sosialbyråd i Bergen, Dag Inge Utstein, meiner det alt i alt er ei god løysing å utsetje stenginga av Nygårdsparken i to månader.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

– Den endelege stenginga bli 25. august, og då er det ikkje aktuelt å utsetje lengre. No har alle aktørane som er involvert hatt fleire rundar om dette, og eg trur det er viktig at vi held oss til den datoen no, seier Dag Inge Ulstein.

– Var ikkje forhasta

Sosialbyråden går ikkje med på at utsetjinga skuldast at kommunen har gått for fort fram i saka.

– Tvert imot. Eg trur det var klokt å ha ein så tydeleg dato. Det at vi gjorde grepet om å etablere mottaks og oppfølgingssenter samstundes som vi skal rehabilitere parken, trur eg gjorde at vi har strekt oss lenger både kommunen og dei andre samarbeidsaktørane, seier Ulstein.

Han ser på utsetjinga som ei god løysing for alle, og ein moglegheit til å forebu seg endå betre. Nett no gjer kommunen ei kartleggjing av narkomiljøet i heile Bergen, slik at ein kan følgje med på utviklinga framover.

– Det er viktig for oss å ha kartlagt situasjonen akkurat no, slik at vi kan følgje utviklinga framover, seier Dag Inge Ulstein.