Avlyser opninga av Bergens nye storskule

Opninga av Bergen sin nye storskule, Amalie Skram videregående skole, er utsett på ubestemt tid. Årsaka er opptrappinga av skulestreiken.

Amalie Skram videregående skole

TATT UT I STREIK: Hordaland sin største skule er tatt ut i streik.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

MÅ KOME PÅ SKULEN: Fylkesordføraren seier elevane må kome på skulen trass i streik.

Foto: Ingvild Nave / NRK

Den 19. august skulle 1000 elevar vore med på ei staseleg opning av den splitter nye Amalie Skram videregående skole i Bergen.

Men no er opninga avlyst på grunn av lærarstreik.

  • Sjå alle skulane som er tatt ut i streik her.

Opninga avlyst

– Vi vil ha ei offisiell opning for alle på skulen. Derfor må vi vente med å opne skulen til streiken er over og alle er på plass, seier fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen.

Fylkesordføraren meiner opninga av ein ny skule er ein måte å skape tilknytning og fellesskap rundt skulen.

– Alle skal vere med på den opninga, og markere at vi no startar noko heilt nytt, seier Nilsen.

Elevane må møte opp

Trass i at skulen mest truleg ikkje vil ha hatt nokon offisiell opning når skulen startar, gjer fylkesordføraren klar beskjed om at elevane likevel må møte opp.

– Ja, det må dei. Det er svært viktig fordi vi må vite at dei har tatt i mot sin plass på skulen. Dessutan er ikkje alle lærarane ute i streik, så den undervisninga dei har vil gå som normalt, seier Nilsen.

Dette gjeld alle dei vidaregåande skulane i Hordaland som er tatt ut i streik.

– Det vil bli talt oppmøte kvar morgon, fortel Nilsen.

– Trist med opptrapping

– Eg synest det er trist med denne opptrappinga av streiken. Spesielt at elevane ikkje skal få skikkeleg undervisning frå skulestart. På same tid er dette ein del av spelereglane i arbeidslivet, seier Nilsen.

KS har signalisert at dei er villege til å diskutere avtalen med Utdanningsforbundet på nytt, men det er førebels inga løysing i konflikte.

– Eg trur på ei løysing, men akkurat når den vil kome vil eg ikkje spekulere i, seier Nilsen.