NRK Meny

Utløyste tåregass i leilegheit

Naudetatane rykka i natt ut etter melding om at det var utløyst tåregass i ei leilegheit i Nye Sandviksvei i Bergen. Sju personar vart evakuert. – Ingen av dei som bur der vil seie så mykje meir om kva som har skjedd, men det er no lufta ut og bebuarane er flytta inn igjen. Ingen er skadd, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt. Bebuarane i leilegheita er kjenningar av politiet.