Utgreiing av bybanetunnel gjennom sentrum kan bli betalt med bompengar

Bryggen-motstanden har pressa fram ei utgreiing av Bybanen i tunnel gjennom Bergen sentrum. Ingen veit korleis utgreiinga skal betalast – men det kan bli ved hjelp av bompengar.

Bybanen over Bryggen

BYBANE: Bystyret i Bergen har vedteke at bybanen skal gå over Bryggen på veg mot Åsane. Det nye byrådet vil likevel greie ut eit tunnelalternativ.

Foto: Nils Eivind Horneland / Illustrasjon

Måndag la Arbeidarpartiet, Venstre, Miljøpartiet dei grøne og KrF fram den politiske plattforma for det nye mindretalsbyrådet. I den er dei klare på at bybanen bør gå langs Bryggen på veg mot Åsane, slik bystyret allereie har vedteke.

Samstundes lova Valhammer ei utgreiing av eit tunnelalternativ gjennom sentrum. Men korleis denne skal finansierast, er enno uklart.

Nyslått byråd for klima, miljø og byutvikling, Thor Haakon Bakke (MDG), har fleire gonger denne veka fått spørsmål om kor pengane til utgreiinga skal takast frå.

– Det må vi kome tilbake til, har vore det korte svaret.

Presentasjon av politisk plattform for byrådet i Bergen. Thor Haakon Bakke (MDG), Roger Valhammer (Ap), Erlend Horn (V).

PLATTFORM: Thor Haakon Bakke (MDG) ville helst ha tunnel, Erlend Horn (V) vil ha skinner over Bryggen. Løysinga for Roger Valhammer blei ei tilleggsutgreiing av tunnelalternativet.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Spleiselag med bompengar

Tidlegare reguleringar og utgreiingar av Bybanen har blitt finansiert gjennom Bergensprogrammet og seinare Miljøløftet.

Bergensprogrammet var eit spleiselag mellom stat, fylke, kommune og bompengar frå trafikantar. Det er også Miljøløftet, som tok over for Bergensprogrammet.

Byrådsleiar Roger Valhammer seier dei vil finansiere utgreiinga gjennom Miljøløftet, om mogleg.

– Vi vil løfte dette inn i diskusjonar inn mot Miljøløftet og om det er aktuelt at dei kan vere med som bidragsytar. Dersom det ikkje er mogleg, må Bergen kommune finansiere det sjølv, seier Valhammer.

Byrådet understrekar ovanfor NRK at dei ikkje ønsker å auke bompengane for å finansiere utgreiinga.

– Pussig om kommunen skal betale

Kor mykje utgreiinga av eit tunnelalternativ vil koste har ikkje byrådet svaret på enno. Det skal det no reknast på.

Eit firma har allereie fått anbodet på 140 millionar kroner for å regulere bybanen langs den vedtekne traseen, og dette finansierast via Miljøløftet. Spørsmålet er om det er rom for ei utgreiing til i potten.

Trym Aafløy i Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB) vil ikkje kommentere kva dei meiner om finansiering av tunnellutgreiinga. Han viser til at det kjem eit saksframlegg frå dei og Høgre til neste bystyremøtet, og ber NRK snakke med Harald Victor Hove (H).

Hove er på si side klar på at pengane bør kome frå Miljøløftet. Ei løysing der ein må finansiere utgreiinga over kommunens budsjett har han ikkje sansen for.

– Det er unaturleg å finansiere ei tunnelutgreiing på kommunebudsjettet, det vil vere ein pussig måte å gjere det på, seier Hove til NRK.

Harald Victor Hove på Høyres valgvake i Bergen 2019

TUNNEL: Valnatta håpa Harald Victor Hove (H) å få fleirtal for både eit Høgre-byråd og ei tunnelløysing. Det siste håpar han enno å få til.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Vil ha regulering

Høgre har i Bergens Tidende varsla at dei vil føreslå ei dobbeltregulering av både tunnel- og dagløysing på neste ordinære bystyremøte 20. november.

Byrådsleiar Valhammer seier dei vil få av garde ei bestilling av utgreiinga så raskt som råd, og at dei ikkje vil vente til etter bystyremøtet.

Det reagerer Hove på.

– Om dette er ei utgreiing bystyret ikkje har tillit til, kan han spare seg dei pengane.

Han meiner byrådet heller bør presentere ei sak for bystyret der også regulering, og ikkje berre utgreiing, av tunnel gjennom sentrum er eit av alternativa.

– Så kan han bestille det fleirtalet i bystyret faktisk vil ha etterpå, seier Hove.

Han inviterer Valhammer til å diskutere seg fram til ei bystyre-sak saman med dei.

– Ein bruker jo såpass mykje pengar frå bilistane og Miljøløftet, at eg synest ein skal vere «fair» og kome til bystyret med to fullverdige alternativ.