Hopp til innhold

Utforkøyring ved Røldalstunnelen

  • TIL SJUKEHUS FOR SJEKK:

    Laster Twitter-innhold
  • TO PERSONAR INVOLVERT:

    110-sentralen i Hordaland bekreftar at det er ein bil involvert i ulukka, og ikkje to slik det først vart meldt frå politiet. Bilen har køyrt utfor E134 aust for Røldalstunnelen og har hamna 30 meter ned i ein skråning. To personar har kome seg ut av bilen sjølv. – Dei vert no tatt hand om av ambulanse på staden. Skadeomfanget er ikkje kjent, fortel vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen.

  • RØLDALSTUNNELEN STENGT:

    I forbindelse med trafikkulukka ved Røldalstunnelen på E134, er tunnelen stengt. Ifølge 110-sentralen i Hordaland er det ein bil som har køyrt utfor vegen aust for tunnelen. – Bilen ligg 30 meter nede i ein skråning. Personane skal vere ute av bilen, seier vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen. Politiet skriv at det er to bilar involvert. Omstenda er førebels uklare og skadeomfanget er ikkje kjent.